annonse

Samarbeid blir svært viktig

: Fylkesmann Lars Sponheim sa til forsamlinga på Stord hotell at Sunnhordland blir sett på som eit kvitt felt på kommunereformkartet. Han var likevel nøgd med det han kalla første fase i reforma i Hordaland. Alle (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
Bømlo-bordet i niande etasje på Stord hotell fredag føremiddag. Frå venstre og med klokka
Bømlo-bordet i niande etasje på Stord hotell fredag føremiddag. Frå venstre og med klokka: Lars Kåre Katla (PDK), Sammy OIsen (Sp), Vanja Espeland (V), Torunn Laurhammer (Ap), Birgit S. Esperø (KrF), Morten Helland (KrF), Anri Håvard Hebib (H), Sigrid Lund Jansen (H), rådmann Geir E. Aga og ordførar Odd Harald Hovland (Ap).
Felles formannskapsmøte gir høve til å treffe andre folkevalde på tvers av kommunegrensene. Her ser me tre Høgre-representantar frå like mange kommunar. Frå venstre
Felles formannskapsmøte gir høve til å treffe andre folkevalde på tvers av kommunegrensene. Her ser me tre Høgre-representantar frå like mange kommunar. Frå venstre: Anri Håvard Hebib frå Bømlo, Lars Einar Hollund frå Sveio og Sverre Olav Svarstad frå Stord.

Tettare samarbeid mellom Sunnhordland og Haugalandet kan bli viktig i det å skape eit tyngdepunkt mellom Bergen og Stavanger. Ikkje minst blir dette viktig når Hordaland blir slått saman med Sogn og Fjordane.

Håvard Hammarstrøm

Dette sa fylkesmann Lars Sponheim då han deltok på eit felles formannskapsmøte for åtte sunnhordlandskommunar fredag.

Nytt vestlandsfylke

Medan regjeringa sat rundt H.M Kongens bord i Oslo fortalde fylkesmannen om samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til eit nytt vestlandsfylke, og sameleis samanslåing av fylkesmannsembeta i dei to fylka til eitt.

Blir ein utkant

Fylkesmannen var tydeleg på at Sunnhordland blir ein utkant i det nye vestlandsfylket, anten ein vil eller ikkje. Når det i tillegg blir retta stadig meir merksemd rundt utviklinga i og rundt dei store byane ligg det an til at Sunnhordland hamnar mellom to stolar.

Sponheim synte til kommunesamanslåingane rundt Bergen og i Hardanger. Med fleire storkommunar vil eit Sunnhordland med fleire mindre kommunar komme i ein annan posisjon enn før. Det skaper ein ny dynamikk, påpeikte Sponheim.

Dei kring 70 lokalpolitikarane og representantar frå dei åtte kommuneadministrasjonane følgde nøye med på det fylkesmannen hadde å seia.

Ny virtuell byregion

Sponheim peikte på at det for Sunnhordland sin del kan vera ein fordel å venda seg mot Haugalandet framover.

- Øresundsbrua har gjort at ein der tenkjer på tvers av landegrenser. Spørsmålet er om de skal tenkje i same bane lokalt, byggje ein ny region med Sunnhordland og Haugalandet, og utvikle samarbeidet med sikte på dette. Kan hende burde de slå saman Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugalandsrådet, og på ein måte skape ein virtuell byregion mellom Bergen og Stavanger, sa Sponheim.

Nøgd i Hordaland

Fylkesmannen sa at han ikkje kom til Stord for å tvinge kommunar til å slå seg saman denne dagen. Den prosessen var forbi. Sponheim var nøgd med dei frivillige samanslåingane i fylket «i første fase».

Sveio-ordførar Jorunn Skåden sa at samanslåing av samarbeidsrådet og Haugalandsrådet ikkje var nokon ny tanke. Kan hende var det på tide å tenkje denne tanken på nytt, sa ho.

Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland sa på sin side at Sunnhordland blir dratt i to retningar. Det treng ikkje vera ei ulempe, meinte han. Hovland tykte tanken om tettare samarbeid på tvers av fylkesgrensa var ei interessant tilnærming.

- Tidlegare har de hatt eit sterkt samhald her i Sunnhordland, som ikkje er så framskoten lenger. Eg tenkjer at de igjen må fremje det å ville kvarandre vel. Samstundes har de fellesinteresser med Haugalandet, svarte Sponheim.

Samarbeidsrådet viktig

Hovland seier til Bømlo-nytt at eit samarbeid mellom Sunnhordland og Haugalandet i utgangspunktet ikkje er nytt. Det er mellom anna samarbeid som skjer via Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

- Dette er likevel eit samarbeid me kan utnytte enda meir for å skape ei motvekt mot nordfylket. Det er ein interessant tanke, men me blir dratt i to retningar. Det blir til dømes ikkje gjort noko med politidistrikta. Det blir spennande for oss å sjå korleis utviklinga blir framover. Eg forstår likevel Sponheim sin intensjon om at me lyt løfte blikket når kommunar slår seg saman nord for oss og Hordaland blir slått saman med Sogn og Fjordane, seier Hovland.

- Blir Samarbeidsrådet for Sunnhordland berre enda viktigare framover?

- Ja. Det blir enda viktigare. I alle fall i ei periode framover.

Klikk for å sjå kommentarar ()