annonse

Satsar på fiskeria i Langevåg

LØNNØY
LØNNØY: På brua på nye «Lønnøy» ser me Knut Roger Lønning, Lars Peder Lønning, Rune Lønning og Knut Lønning saman med gutane Roger og André H. Lønning. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
LØNNØY
LØNNØY: Nye «Lønnøy» til kai ved Bømlo skipsservice i Hovlandshagen. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
På brua i nye «Trygvason» ser me frå venstre
På brua i nye «Trygvason» ser me frå venstre: Lars Eidesvik, Halvard Eidesvik, Ståle Lønning og Svein Atle Lønning. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
TRYGVASON
TRYGVASON: Slik ser nye «Trygvason» ut. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
TRYGVASON
TRYGVASON: Ståle Lønning med nye «Trygvason» i bakgrunnen. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
LØNNØY
LØNNØY: «Lønnøy» på veg sørover. (Foto: Rune Kvamme.)

Dei siste månadene er det investert om lag 150 millionar kroner i to nye fiskefartøy i Langevåg. Større fartøy gjer trongen for ny fiskerihamn større enn noko sinne.

Håvard Hammarstrøm

Denne veka låg nye «Trygvason» og nye «Lønnøy til kai i Hovlandshagen. Nye «Lønnøy» la til kai i Hovlandshagen i 13-tida tysdag ettermiddag. Mange nyfikne tok turen ut for å sjå den nyinnkjøpte skuta. Det var ope skip med omsyning, kaffi og kake. Dagen etter er lokalavisa på vitjing om bord. «Lønnøy» ligg til kai ved Bømlo skipsservice, og «Trygvason» ligg ikkje mange meter unna. To skip som svarer til investeringar for om lag 150 millionar kroner til saman.

Større skip

I begge tilfelle er det snakk om større, nyare og meir moderne skip med større lastekapasitet. Nye «Trygvason» vart kjøpt inn i desember og vart teke over av den nye eigaren 16. desember i Skagen. Fram til slutten av førre månad var skipet inne til ombygging på verkstad. Då la skipet inn til kai i Hovlandshagen. «Lønnøy» hadde på sin side overtaking torsdag i førre veke. Då gjekk turen til verkstad i Ålesund. I middagstider måndag vart kursen lagt for Langevåg.

Større kapasitet

- Nye «Lønnøy» er om lag dobbelt så stor gamle «Lønnøy». I den gamle hadde me lastekapasitet på 1.000 tonn. I denne har me 1.800 tonn, fortel Rune Lønning. Han sit i salongen saman med Lars Peder Lønning, Knut Lønning og Knut Roger Lønning. Dei fortel at lengda på nye «Lønnøy» er om lag den same som på gamle «Lønnøy». Det nye skipet er likevel på 2.180 bruttotonn mot den førre som berre var på 1.140. Skipet er både høgare og breiare enn forgjengaren. Det gamle skipet var ein 1959-modell som var betydeleg oppgradert. Det nye skipet er ein 1999-modell bygd ved Fitjar mekaniske. Motoren i nye «Lønnøy» er på 5.800 hestar. I det gamle skipet var motoren på 3.200 hestar. Større motorkraft gir meir effektiv drift ute på fiskefeltet når trålen ligg i sjøen.

- I det førre skipet hadde me lugarkapasitet til 20. Det er redusert til 14, men det er plenty.

Pelagiske trålarar

Både «Lønnøy» og «Trygvason» er pelagiske trålarar. «Lønnøy» kan i teorien også ta i bruk ringnot, men det er ikkje planar om det i overskodeleg framtid. Det blir fiska kolmule, tobis, norsk vårgytande sild (NVG), makrell, nordsjøsild, og øyepål. Det er også aktuelt å fiske lodde når det blir opna for det, men det skjer ikkje i 2017.

- Merkar de skilnaden i standard på gamle «Lønnøy» og nye «Lønnøy»?

- Det var god standard og ein god båt me hadde i gamle «Lønnøy» også. Det skipet vart ombygd i 1997, og lugarane hadde eige dusj og toalett. Dette er likevel ein betre og tryggare arbeidsplass for alle om bord. Til dømes er både byssa og messa større. Det er også mindre støy, og skipet har betre sjøeigenskapar og ligg betre i sjøen. Dessutan er alt utstyret elektrisk, og her er meir som er automatisert, svarer Rune Lønning.

Kolmule ved Hebridane

«Lønnøy» og «Trygvason» skal til liks med to andre fiskebåtar frå Langevåg fiske kolmule vest av Hebridane i slutten av mars. Rune Lønning seier dei normalt fiskar kolmule ikkje langt frå øya St. Kilda. Fisken blir levert etter auksjon. Som regel blir fisken levert anten i Noreg eller i Danmark. Knut Lønning fortel at prisane på fisken dei leverte i fjor var god. I år har prisane vore heller dårlege. Dette svingar alt etter korleis tilgangen på fisk er i verdsmarknaden.

- Når det gjeld tobis og kolmule har kvotane også blitt større, seier Rune Lønning.

Ny kvardag

Få meter unna ligg nye «Trygvason». Om bord møter me Svein Atle Lønning og Ståle Lønning. I salongen sit også Lars Eidesvik i Eidesvik invest som eig 49 prosent av skipet. Om bord er også maskinist Halvard Eidesvik. Nye «Trygvason» er 16 meter lenger og ein meter breiare enn førre «Trygvason». Den førre hadde ein motor med seks sylindrar og 3.600 hestar, medan den nye har ni sylindrar og 5.800 hestar. Skipet som no er kjøpt inn er ein 2001-modell, medan førre var av årgang 1997. Lastekapasiteten er 1.360 tonn mot 887 i gamle «Trygvason».

- Dette skipet er oppgradert sidan det var nytt. Mellom anna vart det sett inn nytt kjøleanlegg som går på ammoniakk for to år sidan. Sonar og ekkolodd er frå to til fire år gammalt, og meir avansert og detaljert enn på det førre skipet. Der var alt utstyret frå 1997. I tillegg låg salongen i gamle «Trygvason» under havoverflata og der var difor ikkje ventilar der dagslys kom inn.

To turar

Der «Lønnøy» berre har vore i transport via verkstad til Hovlandshagen, har «Trygvason» alt vore ute på to turar på NVG-fiske. Det vart levert 600 tonn i Ålesund og 700 tonn i Hirtshals. Røynslene med nye «Trygvason» er gode så langt. Skipet ligg betre i sjøen, og det er betre arbeidstilhøve om bord. Ikkje minst for kokken. I motsetning til i «Lønnøy» har «Trygvason» fleire lugarar i det nye skipet enn det som var tilfelle i det gamle. Her er det fire ekstra køyer.

Store verdiar

På «Lønnøy» er det ti arbeidsplassar, og det er minimum seks om bord når skipet er ute på feltet. I «Trygvason» er ni tilsette totalt, inkludert ein lærling. Der er det aktuelt å ta inn ein ny lærling frå sommaren av. Det er dermed ei betydeleg mengd lokale arbeidsplassar berre på desse to skipa. Investeringar i nye skip på 150 millionar kroner er også betydeleg. Det store verdiane ligg likevel i rettane, kvotane, som høyrer til skipa.

- Det er rettane som er dyre. Eitt skip som dette, fullt ut strukturert med maksimalt med rettar, er verdt mellom 300 og 400 millionar kroner. Det gjeld ikkje oss, for me er ikkje fullt ut strukturert, men verdien på berre ein båt fortel mykje når me samanliknar med investeringa i ny fiskerihamn. Investeringa svarer til halvparten av verdien på ein fullstrukturert båt, seier Svein Atle Lønning.

Treng fiskerihamn

Både i «Lønnøy» og i «Trygvason» er beskjeden klår og tydeleg når temaet blir ny fiskerihamn. Større fiskefartøy gjer trongen for fiskarhamn større enn noko sinne. Grunna storleiken kan til dømes ikkje «Trygvason» gå til same kai som den gamle. Skipet er høgare over vassflata og stikk djupare i sjøen.

- Nett no leiger me plass hos Eidesvik Havfiske. Me har ingen garantiar for at me kan bli liggjande her. Alternativet for oss no er anten Leirvik eller Haugesund, seier Ståle Lønning. På «Lønnøy» er situasjonen den same.

- Me har alt flytta på oss ein gong etter at me kom hit i går. Me ligg her på nåde. Det er stor trong for å få ei fast fiskerihamn her i Hovlandshagen. Det er ingen offentleg kai me kan liggje ved her. Den einaste offentlege kaia er i Bømmelhamn, og denne skuta er for stor til å gå inn dit.

Store ringverknader

Dersom skipa vel å gå til Haugesund i staden for til Langevåg får det konsekvensar for lokalt næringsliv. Når skipa ligg til kai på Bømlo blir det handla inn proviant, verkstadtenester og anna som trengst om bord. Dersom skipet legg til kai i Haugesund er det næringslivet der som kjem til å nyte godt av dette.

- Dersom me ikkje har kai å leggja til ved her taper lokalt næringsliv på det. Og me ønskjer helst å støtte opp om lokalt næringsliv. Me har hatt god hjelp av Sparebanken Vest og Innovasjon Norge. Dette er eit reint lokalt prosjekt. No treng me absolutt ei fiskerihamn. Ikkje minst når det er dårleg vêr er det dårleg kaikapasitet. Det er difor me treng moloen, seier Rune Lønning.

Ros til kommunen

Han får full støtte om bord i «Trygvason».

- I alle saker du skriv framover må du ta med kor viktig det er å få på plass fiskerihamn her i Hovlandshagen. Det kjem inn mange skattekroner frå fiskeri her på Bømlo. No er det på tide at me får noko tilbake for skattepengane, seier Lars Eidesvik.

- Me må rose kommunen for arbeidet som der er gjort for å få fiskerihamna inn i NTP. Der har me gode hjelparar. I kveld er det eit ope møte med lokalt næringsliv her i Langevåg om fiskerihamna, seier Ståle Lønning. Også med tanke på rekruttering er det viktig med ei god fiskerihamn der ungdom kan ta turen ut for å sjå fiskebåtane. Dei siste åra har dei merka ei større interesse blant dei unge bømlingar for fiskaryrket. - Det er veldig positivt. Men me kan ikkje venta i sju år på fiskerihamna. No hastar det.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.