annonse

Seks gebyr og tre køyreforbod

Kontroll
Kontroll: Det vart skrive ut seks gebyr og ilagt to køyreforbod i ein kontroll på Bømlo måndag. Arkivfoto

Statens vegvesen gjennomførte måndag ein kontroll på Bømlo, der det vart skrive ut seks gebyr og ilagt tre køyreforbod.

Håvard Hammarstrøm

Vegvesenet opplyser at kontrollen denne gongen var retta mot lette køyretøy, og kontrollørane såg særskilt på beltebruk, men kontrollen avdekka også andre feil og manglar. Kontrollen starta klokka 0900 og var ferdig klokka 1530. I løpet av denne tida var det kontrollert 287 køyretøy med kikkert. 27 køyretøy vart stogga. Kontrollresultatet syner fem køyretøy med skriftlege manglar, tre bruksforbod, tre køyretøy som vart melde/rapporterte, to gebyr for belte og fire gebyr for andre tilhøve.

Sota fordører

Ein bilførar vart meld og fekk køyreforbod avdi føraren ikkje hadde førarrett for bil med tilhengjar. To fekk køyreforbod grunna dårleg eller mangelfull sikring av last. Dei to vart ikkje melde. Føraren av ein lett motorsykkel fekk manglar grunna støy frå effektanlegget, og ein bil hadde defekt eksosanlegg.

– Ein bil hadde mangel grunna soting av fordører. Mangel med svært kort frist, skriv vegvesenet i kontrollrapporten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.