annonse

Sel bøker for å finansiere lærarutdanning

LIKAR GRØNT
LIKAR GRØNT: Kilango Samwel Makala likar at det er så grønt i Noreg. Seljarane til Norsk Bokforlag har eigen legitimasjon som syner kven dei er (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Bøker i bagasjen
Bøker i bagasjen: Makala syner nokre av bøkene han har med seg på mopeden (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Kilango Samwel Makala frå Tanzania nyttar sommaren til å selje bøker på Bømlo for å finansiere lærarutdanninga si.

Håvard Hammarstrøm

Norsk Bokforlag har i over 50 år hatt eit prosjekt der studentar frå Afrika kjem til Noreg og sel bøker. På denne måten aukar forlaget boksalet sitt, men viktigare er det at dei afrikanske studentane får finansiert studiane sine. Boksalet er godt innarbeidd her på Bømlo, og i mange år har her vore studentar frå Afrika som har køyrt rundt på mopedane sine og seld bøker om sommaren. I år er det lærarstudent Kilango Samwel Makala frå Tanzania som sel bøker her.

Mastergrad

Makala fortel at han fleire gongar har måtte avbryte lærarutdanninga si i Uganda for å forsørgje familien. Når han no har fått sjansen til å selje bøker i Noreg ser han sjansen til å endeleg få fullført mastergraden sin. Det vil gje Makala høve til å undervise på ungdomsskulenivå i heimlandet. Han har no to år igjen av studiet sitt. Makala selde bøker i Noreg også i fjor. Då var han i Haugesund. Han seier det er kjekkare å selja bøker på Bømlo enn i ein by med mange blokker. Boksalet starta i midten av juni, og han held fram til første veka i september. Så reiser han heim for å ta fatt på studiane igjen.

– Også kona mi går på lærarstudiet. Ho har eitt år igjen til ho har fullført mastergraden sin.

Det grøne Noreg

Bortsett frå den 20 timar lange bussturen frå heimplassen i Tanzania til studiestaden i nabolandet Uganda, har ikkje Makala reist utanlands før i fjor sommar. Og han har aldri reist så langt som til Noreg. Han fortel at han likar Noreg. Det er veldig annleis enn Tanzania. Ikkje minst er alt grønt her i Noreg, som han seier. Han likar grønt, og er glad for at han blir godt motteken.

– Korleis opplever du nordmenn? Er dei litt reserverte?

– Nordmenn kan vera litt skeptiske når nokon ringjer på døra, men det er heilt naturleg. Mange kjenner likevel til bokprogrammet no og spør meg om eg sel bøker. Dette bokprogrammet er veldig viktig for oss som er heldige å få bli med, ikkje berre for studiane mine, men for heile familien min medan eg studerer, svarer Makala med eit smil. Han er også glad for at boksalet går betre i år enn i fjor.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.