annonse

Senterpartiet mest fram

Her har grovteljinga i Foldrøy krins starta opp. Med på biletet er
Oppteljing held på: Paul Engseth, Kari Alvsvåg, Lars Nesse og Rune Gardner (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Valstyret i Bømlo kommune består av formannskapet utvida med representantar for dei parti som er representerte i kommunestyret men ikkje i formannskapet. Med på biletet er
Valstyret: Kåre Thoresen Spissøy (MDG), Unni Seim (SV), Sammy Olsen (Sp), Morten Helland (KrF), Torunn Laurhammer (Ap), Odd Harald Hovland (Ap), Birgit Sønstabø Esperø (KrF), Vanja Espeland (V), Lars Kåre Katla (PDK) og Signe Lund Jansen (H). (Foto: )

Senterpartiet gjekk mest fram og Kristeleg folkeparti mest tilbake blant dei som førehandsrøysta i Bømlo.

Håvard Hammarstrøm

Den manuelle oppteljinga av røystene som kom inn i går og i dag går nett no føre seg ute i krinsane. Dei skal så leverast på rådhuset, der dei blir talde maskinelt. Resultatet av førehandsrøystene er likevel på det meste klart. Nokre av desse røystene blir likevel talde saman med seint innkomne førehandsrøyster i morgon.

Sp valvinnar

Ser me på dei førehandsrøystene som er talde her i Bømlo er tendensen likevel klar. Senterpartiet går mest fram, med 3,6 prosentpoeng, til 7,6 prosent. Kristeleg folkeparti får 14,2 prosent oppslutnad og går tilbake med ni prosentpoeng. Partiet er likevel det fjerde største i Bømlo blant dei som har førehandsrøysta. Størst vart Høgre med 26 prosent av røystene (fram 2,5), etterfølgt av Framstegspartiet 21,7 prosent (fram 2,7) og Arbeidarpartiet 18,8 prosent (tilbake 1,0).

Nøgd Olsen

Senterpartiet går fram både lokalt og nasjonalt. Sammy Olsen (Sp) er naturleg nok nøgd der han som del av valstyret i Bømlo følgjer fjernsynssendinga på storskjerm i rådhuset.

– Eg tykkjer det er fantastisk kjekt for distrikts-Noreg og for distriktspolitikken vår. Sjølv om me skulle hamne i opposisjon vil me kunne få ei stor stortingsgruppe og bli meir synlege. Dette syner at me er på rett veg, seier han.

Skuffa i KrF

Varaordførar Morten Helland (KrF) og ordførar Odd Harald Hovland (Ap) er misnøgde med dei første målingane som kjem opp på skjermen. Like før 2130 låg KrF så vidt over sperregrensa.

– Det er spennande om me hamnar over eller under sperregrensa, men det er uansett frykteleg skuffande at me er der no. Det for tidleg å konkludere enno, seier Helland.

– Ut frå førehandsrøystene ser de framleis ut til å kunne gjera eit ganske godt val i Bømlo, men de går mykje tilbake i høve til sist val?

– Ja, me hadde nok god effekt av Knut Arild sist. Det er litt same tendensen her som i landet elles. Dette vil kunne bli eit veldig tap for landet. KrF kjempar for saker som andre ikkje kjempar for. Mot sorteringssamfunnet og for menneskeverd, dei kristne verdiane og dei svake, både her heime og i utlandet, seier Helland.

Framleis spenning

Då Bømlo-nytt møtte ordføraren var det berre tre mandat som skilte den borgarlege blokka og opposisjonen på Stortinget. Hovland sa at det framleis ligg spennande timar og minutt føre oss. Likevel såg det ut til at Arbeidarpartiet hamnar om lag der dei siste meiningsmålingane plasserte partiet.

– Me hadde håp om ein oppslutnad på minst 30 prosent, så det er klart at me er ikkje nøgde med dette, seier han. Sosialistisk Venstreparti ser ut til å gjera eit godt val samanlikna med sist på landsbasis. Unni Seim seier det er gledeleg at partiet hennar gjer eit godt val.

– Men det er eit kraftig skår i gleda dersom me ikkje får ei ny regjering, men det er framleis håp.

God valdeltaking

Ute i valkrinsane går altså teljinga føre seg for fullt, og nokre er nett no på veg til rådhuset med røystene i forsegla boksar. I Foldrøy krins starta grovteljinga like etter at vallokalet stengde klokka 21.

– Me har hatt god valdeltaking her i år. Då klokka var ti i dag stod det ein førstegongsveljar utanfor og venta. Systemet med elektronisk manntal har fungert perfekt, og det har letta arbeidet vårt Det er kjekt å sjå at så mange kjem for å røyste. Det tydar på at valet engasjerer, og det er bra, seier leiar av røystestyret i Foldrøy krins, Paul Engseth, Følg valresultatet på direkten, både nasjonalt, i Hordaland og i kvar valkrins, på www.bomlo-nytt.no/val

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.