annonse

Ser det som meir fornuftig å gå til Rogaland

LEIA
LEIA: Ordførar Odd Harald Hovland under kommunestyremøtet på måndag. Han var den som starta ordskiftet om kva region Bømlo bør tilhøyra. (Foto: NILS-TORE SELE)
FORSTÅR
FORSTÅR: Inge Reidar Kallevåg (H) skjønar at spørsmålet om Bømlo like gjerne kan orientera seg mot Rogaland vert reist. (Foto: NILS-TORE SELE)
SJÅ SEG RUNDT
SJÅ SEG RUNDT: – Det gjeld å gjera seg attraktiv både sørover og nordover, ytra Hans Otto Robberstad (Ap) under ordskiftet. (Foto: NILS-TORE SELE)
STØTTA
STØTTA: – Eg støttar ordføraren sitt syn om at me også må retta oss sørover. For meg personleg er det heilt naturleg, sa Dag Helge Hellen (FrP). (Foto: NILS-TORE SELE)
VIKTIGARE ENN NAMNET
VIKTIGARE ENN NAMNET: – Eg er med på å løfta denne debatten vidare, men namnet på regionen er ikkje det viktigaste å diskutera, poengterte Sammy Olsen (Sp). (Foto: NILS-TORE SELE)

Ordføraren fekk kommunestyret med seg på at Bømlo skal drøfta samanslåing med Rogaland i lag med dei andre sunnhordlandskommunane.

Nils-Tore Sele

– Etter at Hordaland og Sogn og Fjordane bestemte seg for å slå seg saman og bestemte seg for å kalla den nye regionen for Vestlandet, så har det komme mykje merksemd rundt regionreforma. Bømlo kommune og kommunestyret var positive til å slå saman vestlandsfylka då me handsama dette, men den gongen skulle også Rogaland vera med, noko dei sa nei til seinare. Etter avgjerda som kom, er det mange politikarar som meiner at Sunnhordland vil vera betre tent med å orientera seg sørover. Avstandane blir lange om ansvaret for mykje av regionsadministrasjonen skal liggja i Sogn og Fjordane. Skal me sjå nærare på dette, treng me ei forankring frå kommunestyret, sa ordførar Odd Harald Hovland.

På tide med ny diskusjon

Han viste til at kommunane i Sunnhordland skal ha eit felles formannskapsmøte fredag 24.november. Det ville etter hans syn vera eit godt høve til å diskutera om sunnhordlandskommunane skal sjå mot Rogaland.

– Vert temaet teke opp der, vil me igjen kunna ta det opp i vårt eige formannskap, og så kjem saka opp i kommunestyret igjen. Eg meiner at Bømlo har sterke band sørover, hamnesamarbeidet vårt er eitt døme på det. Det er mykje som knyter oss saman, og eg tenkjer at det er naturleg at me tek denne drøftinga igjen. Me må finna ut korleis me skal halda oss til dette på Bømlo. Eg er uroa over at så mange mange sentrale samfunnsoppgåver ser ut til å hamna i Sogn og Fjordane, og eg meiner at dette er noko me må snakka om politisk over partigrensene, sa ordføraren.

– Fornuftig debatt

Inge Reidar Kallevåg (H) var den første kommunestyremedlemen som tok ordet.

– Eg sit som medlem i fylkestinget, og skulle kanskje difor ikkje ha sagt noko om kor det er best at Sunnhordland høyrer til, men me samarbeider allereie godt innan mange samfunnsoppgåver med kommunane på Haugalandet. Eg skjønar difor at debatten blir reist. Me risikerer fort å bli ein utkant uansett, om me skulle bli ein del av Rogaland, men i høve Haugalandet så er samarbeidsbanda tette. Det er ein fornuftig debatt å reisa. Så må me også hugsa på ei regionreform inneber noko anna enn dette har blitt. Ordskiftet har no kokt ned til å bli ein namnediskusjon, meinte høgrepolitikaren.

Undervegs i ordskiftet kom det fleire signal frå kommunestyremedlemer om at ordføraren trygt kunne innleia samtalar om å sjå sørover mot Rogaland.

– Heilt naturleg

– Eg støttar ordføraren i det han seier. Det var rett å seia ja til ei samanslåing av dei tre fylka når også Rogaland skulle vera med, men så vart det ikkje det. For meg er det heilt naturleg at Bømlo orienterer seg sørover, det er mi personlege meining. Me ser det no når det gjeld kraftforsyning, helsetenester og sjukehus, politi med vidare. Me ser sørover med så mykje, sa Dag Helge Hellen (FrP).

Morten Helland (KrF) meinte det var viktig å få ein breiast mogleg debatt med tanke på storleiken på ein ny vestlandsregion.

– Slik kartet ligg no, verkar det noko fragmentert og uferdig. Når det gjeld samanslåing må me jobba meir mot det me var positive til i utgangspunktet, og me må jobba tett mot sentrale styresmakter, og inn mot statleg hald for å få ei klokare innleiing på dette, sa politikaren.

Gjera seg fin

– Bømlo tener på å ta denne debatten no. På sikt er eg viss på at Bømlo vil liggja midt i smørauget same kva veg det går med regional samanslåing, sa Hans Otto Robberstad (Ap), oppteken av at det var viktig å gjera seg attraktiv både sørover og nordover.

– Eg skal vera med å løfta denne debatten vidare. Det viktigaste er å diskutera kven det tener mest å slå seg saman med, ikkje kva namnet på den nye regionen skal vera, sa Sammy Olsen (Sp) undervegs i ordskiftet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.