annonse

Servogear på vinnarlaget

På vinnarlaget
På vinnarlaget: Servogear på vinnarlaget. Rolf Egil Furnes og Malvin Teigland er her flankert av Tor Øyvin Aa og Torstein Aa, vinnarar av «Ship of the Year» 2018. (Foto: )
Seljar og designar
Seljar og designar: Seljar Martijn Bemelen i Servogear saman med designaren hjå Brødrene Aa, Torstein Aa. (Foto: )

Hamburg har siste veka vore møtestaden for alle med interesse for den maritime næringa. På ein stor norsk fellesstand fann også Servogear sin naturlege plass. Og hamna på vinnarlaget, då «Ship of the Year» vart kåra.

Passasjerskipet «Future of the Fjords», som er bygd hjå Brødrene Aa for reiarlaget The Fjords, vart tidleg i veka kåra til det beste norske nybygget for 2018. Det er Skipsrevyen som står bak den tradisjonsrike og høgthengjande prisen, og den ansvarlege redaktøren, Gustav Erik Blaalid, sa mellom anna dette:

– Ein innovativ vinnar som viser fram det beste av kva norskutvikla grøn skipsteknologi kan få til.

Og her har altså Servogear bidrege, med propellar og gir. Det er som Otto Pedersen så korrekt påpeikar:

– Alltid kjekt å vera med på nyvinningar som fungerer. Og det er også heilt greitt å hamne på vinnarlaget, smiler mannen med over 30 års fartstid i den verdsleiande verksemda på Bømlo.

Ikkje opplagt

Men denne gongen var det ikkje heilt opplagt at Servogear vart valt som ein av fleire underleverandørar.

– Me var ikkje med på «Vision of the Fjords», som var den første passasjerkatamaranen i trafikk mellom Gudvangen og Flåm. Men det var ei hybridløysing. Future-utgåva er ein reindyrka batteri-variant, og då var også krava til effektive propellar endå viktigare. Heldigvis valde dei løysinga vår. Båten har fungert suverent i heile sommar, og dette er verkeleg eit farty som heile verda følgjer tett.

Dei som er rundt på shippingmessa i Hamburg kan ikkje unngå å leggje merke til at det aller meste handlar om det grøne skiftet, eller den grøne bølgja, som naturleg er i maritime krinsar.

– Slik er kvardagen vår også. Meir og meir fokus på grøn teknologi. På vinnarskipet leverte me berre propell og gir. Men me har allereie klar ein pakke med girkasse, propellar, elektromotorar, batteripakkar og kontrollsystem. Dette har me laga i tett samarbeid med Brunvoll Mar-El, og vert marknadsført under namnet Servogear hybrid-pakke, reklamerar gjengen i Hamburg.

Full hybrid-pakke

Difor er det kanskje vel så spennande å snakke om den nye Røvær-ekspressen som kjem i drift frå nyttår av.

– Båten vert bygt hjå GS Marine på Gursken, og kjem med full hybrid-pakke signert Servogear. På det tøffe havstykket mellom Røvær og Haugesund forlangar Norled at det skal brukast tradisjonelle dieselmotorar. Men like før Haugesund og i det smale sundet før Røvær, går båten automatisk over på elektrisk drift. Ingen vil høyra han, og ingen eksos. Til kai vert fartyet kopla på lading, og på veg ut att koplar systemet saumlaust over til diesel, i takt med at farten vert skrudd opp, forklarar ein stolt Pedersen.

Men det aller viktigaste for Servogear er å vidareutvikle dei vidgjetne propellane..

– Kvar dag arbeider me for å gjere propellane endå meir støysvake, til beste både for passasjerane og båteigarane. Det er utruleg kor mykje drivstoff ein kan spara med det optimale utstyret. Nyleg har me gjort avtale med Rødne om å skifte ut propellar på snøggbåtane deira.

Den siste veka har som sagt heile den maritime verda vore samla i Hamburg. Over 2200 utstillarar fortel det meste. For Servogear har det vorte tradisjon å vera med på SMM, sjølv om messene i Singapore, Southampton og New Orleans kanskje er endå meir tilpassa produktspekteret til bømlingane.

– Det er no ein gong slik at veldig mange som arbeidar i denne bransjen kjem til Hamburg. Frå heile verda. Då forventar dei også å sjå Servogear, seier Otto Pedersen.

Tekst og foto: Vidar Alfarnes

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.