annonse

Sikra tak i Rubbestadneset

Sikra taket
Sikra taket: Brannvesenet fekk raskt sikra taket på dette nybygget like ved snøggbåthamna i Rubbestadneset. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Brannvesen og politi var i middagstider på plass i Rubbestadneset for å sikre eit tak som heldt på å blese av eit bygg under oppføring.

Håvard Hammarstrøm

Politiet fekk inn melding om eit tak som heldt på å blese av eit nybygg like før klokka 12 første nyttårsdag. Både brannvesen og politi rykte ut til staden. Politiet sperra av eit område på parkeringsplassen ved snøggbåtkaia medan brannvesenet sikra taket. Ein knapp time seinare var jobben gjort og brannvesen og politi returnerte. Politiet skriv på Twitter at takplata var på 1 X 12 meter.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.