annonse

Sjøens Prius

Sjøens Prius
Sjøens Prius: «Viking Princess» blir det første skipet i sitt slag der ein generator blir skifta ut med batteri. Hybridteknologien som blir montert om bord i september blir samanlikna med teknologien i hybridbilar. Pressefoto. (Foto: )

Skipsfarten står for svært store utslepp av klimagassar. Eidesvik Offshore og Wärtsilä samarbeider om satsing på batteriteknologi som fører til store utsleppsreduksjonar. «Viking Princess» får i september montert batteri- og hybridteknologi om bord, og blir ein slags «sjøens Prius».

Håvard Hammarstrøm

Toyota Prius vart ein av dei første bilane med hybridteknologi, og sette på mange måtar standarden for bilbransjen på dette området. Nyleg fortalde Bømlo-nytt at Eidesvik Offshore kom til å skifte ut den eine generatoren om bord på «Viking Princess» med batteri. Det er første gongen dette blir gjort på eit skip av denne typen. I pressemeldinga frå Enova stod det å lesa at Enova støtta prosjektet med 6,5 millionar kroner.

Kontrakt med Wärtsilä

Fredag sende Wärtsilä ut ei pressemelding der det går fram at Wärtsilä har skrive kontrakt med Eidesvik Offshore om installering av nytt hybridsystem om bord på «Viking Princess». Det fem år gamle supplyskipet forsyner oljeriggar i Nordsjøen og i Barentshavet. Skipet har montert Wärtsilä-motor om bord, og går på flytande naturgass (LNG). Det er det nye energilagringssystemet frå Wärtsilä som gjer det mogeleg å erstatte den eine generatoren med batteri.

– Dette vil føra til ein meir stabil belastning på framdriftsmaskineriet, og gir betre handtering av maksbelastningar, heiter det.

Sjøens Prius

I pressemeldinga frå Wärtsilä heiter det at teknologien på mange måtar kan samanliknast med hybridbilar. Denne teknologien hindrar at motorytinga fell og leiar energi tilbake til batteriet. Dermed blir batteriet lada opp på nytt. Her blir «Viking Princess» ein pioner innanfor satsing på hybridteknologi på same vis som Toyota Prius var det innanfor bilproduksjon.

Hybridløysinga vil kunne føre med seg eit betydeleg innsparingspotensial med omsyn til drivstofforbruk. Ute på feltet, når skipet ligg i dynamisk posisjoneringsstatus, kan drivstofforbruket reduserast med opp mot 30 prosent. Den årlege reduksjonen av CO2 kan bli på mellom 13 og 18 prosent, heiter det.

Godt samarbeid

Både frå Eidesvik og Wärtsilä blir det synt til det gode samarbeidet som har resultert i denne satsinga på miljøteknologi.

– Eidesvik og Wärtsilä har hatt eit langt og fruktbart samarbeid sidan 2003, då «Viking Energy», verdas første LNG-drivne forsyningsfartøy, blei sett i drift. Samarbeidet blei vidareutvikla med installering av batteri for å støtta generatorane på «Viking Lady» i 2015. Nå blir «Viking Princess» det første offshore-forsyningsfartøyet der ein generator skal erstattast fullt ut med batteri. Me er takknemlege ovanfor både Wärtsilä og NCE Maritime Clean Tech som gjorde dette viktige og framtidsretta samarbeidet mogeleg, seier Vermund Hjelland, President Technical development, Eidesvik Offshore.

Montert i september

Etter planen skal hybridsystemet monterast om bord i «Viking Princess» i september månad.

– Hybridsystem er ei framtidsretta løysning som ikkje berre reduserer drivstofforbruk og utslipp, men den bidreg også til tryggare og meir effektive operasjonar. Me er sikre på at dette prosjektet vil ha ein positiv effekt på næringa. Innan shippingbransjen er det eit aukande fokus på å redusera utslepp og me trur at reiarlaga vil fortsetta å installera hybridløysingar – både på eksisterande og nye fartøy, seier Cato Esperø, salsdirektør i Wärtsilä Norway.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.