Skal sjekka bio-en vår
Denne veka startar SIM ein stor aksjon der biodunkar i alle SIM- kommunane vil bli kontrollerte.
Dette er ikkje for å straffe folk som sorterer feil, men for å gje dei ei påminning om korleis det skal gjerast.
LES OGSÅ
– Dei aller, aller fleste er veldig flinke og sorterer rett, men me registrerer dessverre ein del som ikkje gjer det, skriv plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy i ei pressemelding. Ho skriv at det er særleg plast og glas som går igjen som den store syndaren i avfallet. Dette skapar problem i komposteringsprosessen og fører til at sluttproduktet vert forringa.
– Me opplever at kundar som har kjøpt kompostjord eller plenblanding hos oss, kjem med tilbakemelding om at dei ser restar av glas og plast i jorda. Me greier å sortere ut
mesteparten av det feilsorterte avfallet, men plast og glas er vanskeleg å sortere ut alt av. Difor skal ein ikkje bruke handleposar i biospannet/dunken. Ein må bruke posar av mais eller papir, påpeikar Hillersøy.
Gult og raudt kort
SIM har eit system for merking av feilsortert avfall, dette gjeld for alle dunkane. I fyrste omgang vil kunden få ein gul lapp på dunken. Det gjev kunden ei melding om at avfallet er feilsortert, men at dunken er tømt likevel.
LES OGSÅ
Dersom det skjer igjen, får kunden raud lapp, som betyr at avfallet igjen er feilsortert. Men no blir ikkje avfallet henta. Ved grov feilsortering vil ein få raud lapp med det same.
– Dette vil òg vera rutinen i aksjonen me no skal i gong med. Og me håpar me får bukt med ein del feilsortering på denne måten. For det er synd at nokre få skal øydeleggje for alle som gjer ein god innsats og sorterer rett, skriv Hillersøy.
Sluttproduktet, kompostjorda og plenblandinga, er eit populært tilbod til innbyggjarane i SIM-området, og det er i fellesskap me kan gjere dette til eit best mogeleg produkt, påpeiker ho til slutt i meldinga.
randi.olsen@bomlo-nytt.no
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.