annonse

Skal snakke med Ap og Sp

For Krf
For Krf: Morten Helland (Foto: Privat)

Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Senterpartiet har avtale om å snakke saman først etter valet.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser Morten Helland (KrF) til Bømlo-nytt. Tysdag morgon har dei tre partia fleirtal i kommunestyret, men det står framleis att å telje nokre titals røyster. Etter det Bømlo-nytt forstår er det framleis spenning knytta til om Miljøpartiet dei grøne kjem inn i kommunestyret. I såfall er det truleg Arbeidarpartiet som misser eitt mandat. Skjer det må dei tre partia ha med seg eit fjerde parti for å danne fleirtal, til dømes MDG, Venstre eller Sosialistisk Venstreparti.

– Med tanke på valkampen og sakene som er viktige for oss er me veldig nøgde med valet. Me har samla røyster i heile Bømlo. Slik det ser ut no held me på talet mandat.

– Mange er sjølvsagt spente på kva som skjer no. Har de avtale om kven de snakkar med først?

– Det har me. Me har avtale med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om at me skal snakka saman. Det kjem me til å gjera etter at det endelege valresultatet er klart i ettermiddag. Det står vel igjen 40-50 røyster å telja.

Kristeleg folkeparti fekk 18,7 prosent av røystene for fire år sidan. Tysdag morgon ligg partiet an til å få 16,4 prosent av røystene. Tradisjonen tru har partiet gjort eit godt val i Moster krins, der partiet vart størst med 35 prosent av røystene, slik det ser ut på morgonkvisten tysdag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.