annonse

Skal vedlikehalda Fjord1-ferjer

MYKJE Å GJERA
MYKJE Å GJERA: Nye Fjord1-ferjer som «Møkstrafjord» vil gjeva bømlabedrifta mykje vedlikehaldsarbeid i åra som kjem. PRESSE (Foto: Multi Maritime)

LOS Marine AS i Rubbestadneset har inngått ein rammeavtale på vedlikehald av ferjene til Fjord1.

Nils-Tore Sele

Fjord1 ASA er mellom dei største ferjereiarlaga i landet med sine nesten 70 ferjer og fartøy i operasjon, og har mange nye under bygging. Det er denne kunden LOS Marine AS i Rubbestadneset no har sikra seg.

– Det er svært gledeleg at Fjord1 no har signert rammeavtale med oss som ein av fleire samarbeidspartnarar på service og vedlikehald av fartøy, seier dagleg leiar ved verksemda, Olav Hilmar Koløy.

Går i grøn retning

Styreleiar Arne Mæland i LOS-gruppen vil derimot ikkje fortelja noko om den økonomiske ramma for avtalen.

– Dette er noko som er mellom partane og som me ikkje går ut med, skriv han i ei tekstmelding til Bømlo-nytt.

– Avtalen gjeld for to år framover med opsjon på forlenging med eitt år, opplyser Mæland.

Styreleiaren ser avtalen som ei fjør i hatten.

– Dette reiarlaget er det grønaste i sin klasse per i dag. For våre bedrifter vil me sjølv satsa sterkt framover. Avtalen er kjekk på det viset at me får jobba med det siste nye innan grøn teknologi og blir med på den framtidige utviklinga av grøn shipping, opplyser Mæland.

– Begge partar har intensjon om å vidareutvikla eit godt samarbeid. Fjord1 er ein svært viktig kunde for oss, ikkje minst fordi reiarlaget har tatt ei leiande rolle innan det grøne skiftet i norsk transportnæring, seier dagleg leiar Koløy i LOS Marine AS.

Styrkjer LOS Marine

– Avtalen styrkjer satsinga på å utvikla vår mekaniske avdeling. Me vil ta inn lærlingar i dei fleste fag og vidareutvikla fagmiljøet på Rubbestadneset, seier Koløy.

Han legg til at denne avtalen gjer framtida meir føreseieleg med større stabilitet i drifta.

– Fjord1 vil ha ansvar for elleve samband i Hordaland frå 2020, så me ligg sentralt til i forhold til å delta i konkurranse om oppdrag frå reiarlaget.

Nyttar intern kompetanse

Fjord1 har i det siste vunne mange av anboda på ferjeruter i Norge kor miljø er eit viktig kriterium. Innkjøpsleiar Ingrid B. Namdal fortel at Fjord1 gjennom si ferjedrift er opptatt av lågast mogleg energifotavtrykk. – Satsinga vår på hybride framdriftsløysingar krev kompetanse på dei nye energiberarane og der stiller LOS Marine sterkt når dette er på plass, seier Namdal.

Vedlikehaldsavtalen vil også få ringverknader for søsterverksemda LOS Elektro og andre lokale bedrifter, fortel Koløy.

– Å samarbeida med ein aktør med stort fokus på berekraftig teknologi er svært stimulerande. Me får brukt vår kompetanse på hybrid teknologi og har som mål å utvikla oss til ein viktig aktør i Norge på dette området med hjelp av samarbeid med søsterbedrifta vår, fortel Koløy.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.