annonse

Skipar til grøn innovasjonsdag

Miljøvennleg skipsfart
Miljøvennleg skipsfart: Frå gammalt av var skipsfarten utan miljøutslepp. Kjem me dit igjen? Salssjef Cato Esperø og kommunikasjonssjef Jane Jünger i Wärtsilä fortel om ein ny møteplass der infrastruktur for grøn energitilførsle blir eit sentralt tema. (Foto: Pressefoto)

26. april inviterer Wärtsilä Norway til «Future Innovation Day». Ein ny møteplass på veg mot grøn skipsfart.

Håvard Hammarstrøm

Målet med nyskapinga er å ta den grøne revolusjonen innan skipsfarten eitt steg vidare.

– Frå gammalt av var sjøfarten utan miljøutslepp. I mellomtida har me vore avhengige av fossilt brennstoff for å driva skipa våre framover. No er tida kommen for å diskutera korleis me i framtida skal driva transport på havet utan utslepp av klimagassar, seier salsdirektør og bømling i Wärtsilä Norway, Cato Esperø.

Ny møteplass på Stord

I pressemeldinga frå Wärtsilä står det å lesa at den maritime industrien er i endring. Wärtsilä ønskjer å skape ein ny arena på Stord der ein kan løfte fram viktige diskusjonar kring grøn skipsfart. Til «Future Innovation Day» 26. april vil Wärtsilä invitere representantar frå den maritime industrien, skipsreiarar, politikarar, regionale og lokale mynde, hamnestell, utdanningsorganisasjonar, vitskapsfolk og studentar.

Ny infrastruktur

I dag er ein stor del av bilparken elbilar, men tidlegare hadde det ikkje vore mange bilar utan bensinstasjonar. Den same problemstillinga ser ein på sjøen i omstillinga frå fossilt drivstoff til miljøvennleg drivstoff i skip. Stikkord er landstraum, høve til å lade eller byte batteri og høve til tanking av flytande naturgass (LNG), biogass eller hydrogen. Ny infrastruktur på land er avgjerande. Korleis kan samarbeid på nye måtar leggja til rette for grønare maritim infrastruktur? Energitilførsle for skip blir eit sentralt tema på konferansen.

Elektrifisering av skipsflåten

Wärtsilä meiner det er realistisk å satse på ei elektrifisering av skipsflåten i overskodeleg framtid. Eit slikt grønt skifte føreset ei betydeleg satsing, men revolusjonen er alt i gang.

– Me ser eit trykk frå skipsflåten mot installasjon av batteri- og elektrisk framdrift som vil gjera store kutt i miljøutslepp mogeleg i framtida, både innan offshore, ferjer, fiskebåtar og tankbåtar. Men ein av dei største utfordringane etter kvart som elektrifiseringa breier om seg til fleire skip, er å få på plass ein god infrastruktur av energitilførsle, seier kommunikasjonssjef i Wärtsilä i Norge, Jane Jünger.

Elskip

Salssjef Esperø syner til at sentrale styresmakter har spelt ei viktig rolle i satsinga på ein grønare bilpark. No er turen kommen til skipstrafikken.

– Sjå til støtta norske styresmakter har gjeve til innføringa av elektriske bilar. Liknande teknologi er tilgjengeleg innan skipsfarten. Her kan ein oppnå masse om ein samarbeider. Men skal me klare å endre skipsfarten til lågutslepp treng me også ein revolusjon når det gjeld ny infrastruktur, og me må byrja å snakka med aktørar som me ikkje vanlegvis har vore i naturleg dialog med tidlegare, seier han.

Programmet tek form

Programmet for dagen byrjar bli klart. Mellom dei som skal halde foredrag på Stord 26. april er Thina Margrethe Saltvedt. Ho er tidlegare oljeanalytikar og noverande analytikar hos Nordea innanfor berekraftig finans. Tema i hennar foredrag er reisa frå fossil framdrift til nullutslepp i skipsfarten. I tillegg kjem Matt Duke frå Grieg Star og Roger Holm som er leiar for maritime løysingar og visepresident i Wärtsilä globalt. Leiar av NCE Maritime Clean Tech, Hege Økland, skal styre paneldebatten.

Jünger fortel at det etter debatten blir skipa til arbeidsverkstader med høgttenking om framtidige utfordringar innan skipsfarten. Ho ser at satsing på miljøteknologi kan skape eit godt grunnlag for nysatsingar lokalt.

– Me er opptekne av at innovasjon kan skapa viktige arbeidsplassar i regionen, seier Jane Jünger.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.