annonse

Slagsmål på Svortland

Ein mann måtte på sjukehus etter slagsmål på Svortland, melder politiet
HARDT FOR SEG: Ein mann måtte på sjukehus etter slagsmål på Svortland, melder politiet: (Foto: Stine R.RØRVIK/ARKIV)

To menn barka skikkeleg saman på Svortland natt til sundag. Den eine enda opp i ambulanse.

Nils-Tore Sele

Politiet rykte ut til eit slagsmål mellom to menn, 19 og 40 år gamle, på Svortland natt til sundag. Det vert oppretta sak på hendinga, melder politiet på twitter.

Hendinga var såpass dramatisk at den eldste av dei to vart sendt til sjukehus med ambulanse etter slåstkampen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.