annonse

Smak av sommar i november

Smak av sommar
Smak av sommar: Det vart ein smak av sommar i fylket vårt onsdag. (Foto: NILS-TORE SELE/Arkiv)

Onsdag kan temperaturen krype opp mot 20 grader!

Håvard Hammarstrøm

Det er Meteorologisk institutt som melder dette. På yr.no kan me lesa at fleire varmerekordar kan stå for fall onsdag. Meteorologane fortel at du akkurat denne dagen trygt kan leggja vekk lue og skjerf dersom du bur nær kysten mellom Rogaland og Trøndelag. Her er altså me bømlingar medrekna. Dei kjenner seg trygge på at temperaturen kryp over 15 grader, og med fønvin kan det nokre stader bli så mykje som 20 grader.

– Det er ikkje venta særleg dårleg vêr fram til fredag, men onsdagen gir nok dei høgaste temperaturane med mellom 14 og 19 grader, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga i Bergen til yr.no. Årsaka til den uvanleg høge temperaturen for årstida er eit eit lågtrykk over Storbritannia i vest og eit høgtrykk over Russland i aust.

Sjølv om det er uvanleg, blir me likevel minna om at det har vore høge temperaturar i november tidlegare. 6. november 2003 vart det målt 21,8 grader i Tafjord, medan det 1. november 2014 vart målt 18 grader i Tefre i Førde. Vêrrekorden for november i Bergen vart sett 4. november 2011 med 17,9 grader.

Sjølv om temperaturen går ned igjen torsdag, syner vêrprognosane at vêret held seg mildt i dagane som kjem.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.