annonse

Småskuleelev utsett for grov mobbing

Etterforskar
Etterforskar: Politiet etterforskar ei valdsepisode på Moster skule (Foto: Frank G. Stenersen/Arkiv)

Politiet etterforskar no ei sak der ein elev skal ha blitt utsett for alvorleg mobbing ved fleire høve på Moster skule.

Fornærma skal ha vore inne til tilrettelagde avhøyr.

Skal ikkje skje

– Det er snakk om både fysisk og psykisk mobbing, opplyser etterforskingsleiar ved Stord lensmannskontor, Nils Blikra.

Fornærma skal ha blitt slegen og avkledd i tillegg til verbal mobbing ved fleire høve. Mobbinga skal i all hovudsak ha funne stad i friminutta og til og frå skulen.

– Omfanget av saka er gått litt ned etter me har fått snakka med alle partar, men det er ingen tvil om at det har skjedd fysisk og psykisk mobbing, seier etterforskingsleiaren.

I utgangspunktet var det ein hovudmistenkt, men etter avhøyr kom det fram at det er fleire involverte i mobbinga mot fornærma, som skal ha skjedd over lengre tid.

Ingen kommentar

Rektor Merete Johanne Fjellheim på Moster skule vil ikkje kommentere saka, og forklarar at ho ikkje kan gå inn på enkeltepisodar.

– På generelt grunnlag kan eg seie at me har eit stort fokus på psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Me har Mot-program, trivselsleiar og jobbar med førebyggjande arbeid mot mobbing, seier rektoren.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, Bjørn Håvard Bjørklund, ønskjer heller ikkje kommentere saka, men bekreftar han er informert.

– På generelt grunnlag kan eg seie at me genuint opptatt av å skaffa trygge rammer for born og unge på skule, seier kommunalsjefen.

Kan ikkje straffast

Dei mistenkte borna i denne saka er under kriminell lågalder og kan i utgangspunktet ikkje straffast. Men politiet er likevel pålagt å etterforska eit eventuelt lovbrot.

– Ikkje minst er det viktig med tanke på å førebyggje at slike hendingar skjer i framtida, forklarar Blikra.

Fornærma har vore inne til tilrettelagde avhøyr. Slike avhøyr skal gjennomførast i saker der barn og særleg sårbare vitne må avhøyrast i saker om seksuallovbrot, kjønnslemlesting, mishandling i nære relasjonar, drap, kroppsskadar, eller andre saker der det er mistanke om at born har utført straffbare forhold.

Tiltak

Politiet har vore i dialog med skulen for å finna ut kva tiltak dei har gjort etter at saka vart kjent.

– Slik som me ser det, har skulen sett i gang gode tiltak i denne saka og fornærma opplyser om at ting er blitt betre, forklarar Blikra.

Etterforskingsleiaren opplyser om at politiets neste etterforskingssteg er bekymringssamtaler med involverte og føresette.

I ein slik samtale vil politiet prøva å finna ut kva som ligg bak saka ein er involvert i, og føreslå for føresette og involverte kva som kan gjerast for at slike ting ikkje skal skje igjen.

Fleire saker

Nils Blikra fortel at dei med jamne mellomrom får inn mobbesaker og at terskelen for å gå til politiet er svært ulik.

– Nokon melder ifrå til politiet med ein gang, mens andre ventar. Eg har likevel ei generell oppfatning av at skular ute i Sunnhordland jobbar aktivt mot mobbing, avsluttar Blikra.

stine@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.