annonse

Snart sommarfri frå kolonnekøyringa

SOMMARFERIE
SOMMARFERIE: Frå midten av juli og nokre veker framover vert Bømlafjordtunnelen open for vanleg trafikk grunna ferieavvikling for arbeidsfolk som testar ut nyinstallert tunnelutstyr. (Foto: HÅVARD HAMMARSTRØM/ARKIV)

Mellom 15.juli og 6.august går trafikken fritt gjennom Bømlafjordtunnelen.

Nils-Tore Sele

For tida går det føre seg testing av nytt utstyr nede i Bømlafjordtunnelen, men snart tek arbeidarane som driv på med dette sommarferie i nokre veker. I denne perioden er det kolonnekøyring og det held fram til 15.juli. Då startar ferien deira og trafikken gjennom den undersjøiske tunnelen vil gå som normalt fram til 6. august.

Då byrjar testinga av utstyr nede i tunnelen att, opplyser Statens vegvesen. Då er det også kolonnekøyring fram til utstyrstestinga er ferdig gjennomført.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.