annonse

Solrik veke i vente

Sol
Sol: Denne veka er det venta sol, og ingen nedbør. (Foto: Carina Wangensten)

Etter ei veke med nedbør, vind og kalde temperaturar, ser det endeleg ut som me får sol og varme.

Carina Wangensten

Denne veka melder både Storm og Yr at det kjem betre vêr. Det er ikkje venta nedbør, og temperaturen vil liggja kring 14-16 grader. Det er venta lett bris frå nord/nordvest heile veka.

Førebels er det tysdag og onsdag som kjem til å bli dei finaste dagane denne veka. Då er det venta lite skyer, 15 grader og lett bris frå nordvest.

Sjølv om varselet på vind er noko usikkert, er nedbørvarselet ganske sikkert, ifølgje yr. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.