annonse

Sommarflyrute Stord-Danmark

Legoland neste
Legoland neste: DAT-direktør Jesper Rungholm (biletet) har tru på at mange vil setja pris på det nye tilbodet, som mellom anna opnar for å vitje Legoland i Danmark. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

I slutten av juni startar Danish Air Transport opp direkte sommarrute mellom Stord og Billund i Danmark.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser Stord lufthamn Sørstokken i ei pressemelding. Det skal ha blitt jobba med planane for sommarruta sidan i fjor haust. Direktør Jesper Rungholm uttaler at det nye tilbodet opnar for weekendturar til Danmark. Billund er mest kjent for Legoland, Lego House og Lalandia. I tillegg ligg Billund sentralt til i høve andre byar som Kolding, Vejle og Esbjerg.

– Me trur familiar i løpet av sommaren gjerne vil reise på weekendtur til Danmark.  Billund er eit paradismekka for barnefamiliar. Me ventar at mange vil få glede av at det no blir ei direkte rute til Billund seier Rungholm.

Halvannan time unna

– Det er gledeleg at Stordflyet tek nye initiativ, og etter mi meining er Stordflyet på rett spor med ny weekendrute. Flytida til Billund er berre 1 time og 30 minutt, seier lufthamnsjef på Stord Lufthamn, Jan Morten Myklebust. Sommarruta startar opp 28. juni til 18. august med avgangar kvar fredag til Billund og retur igjen på sundagen.

Det mange kan hende ikkje veit er at det også er mange charterflyavgangar til ei rekkje europeiske destinasjonar frå Billund. Ei direkterute til Billund kan dermed også opne opp for å reise vidare til desse.

I 2008 var det også ei periode høve å fly til Billund frå Stord, og sameleis i 2014 med flyselskapet som rundar 20 år i 2019. Sun Air hadde dessutan charterflygingar mellom dei to flyplassane i 2017.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.