annonse

Sparebanken Vest deler ut 150 millionar kroner

Tranøy Loftheim
Tranøy Loftheim: Vivi Tranøy Loftheim er banksjef for Bømlo og Kvinnherad i Sparebanken Vest. (Foto: Sparebanken Vest)

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på over 1,8 milliardar kroner i fjor. Banken har planar om å dele ut 150 millionar kroner til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet i år.

Håvard Hammarstrøm

Dette går fram av ei pressemelding frå banken. Fjorårsresultatet vart betydeleg betre en årsresultatet i 2016. Då vart resultatet før skatt på i overkant av 1,6 milliardar kroner (med fråtrekk av eingangseffektar). Fjerdekvartalsresultatet vart i fjor på 463 millionar kroner før skatt, mot 361 millionar kroner i 2016.

– 150 millionar kroner er føreslått utdelte til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet, står det å lesa. Elles kan banken som har avdelingskontor på Svortland melde om over 2.200 nye kundar berre i Sunnhordland og Rogaland i året me har lagt bak oss. I dette området har banken no passert 50.000 personkundar.

– Det er også viktig at folk er klar over at den gode utviklinga til banken gjer at stadig meir av gåvemidlane til banken kjem tilbake til fylket. I fjor fekk lag og organisasjonar i Rogaland og Sunnhordland til saman om lag 12 millionar kroner i gåver. Dette gler me oss stort over, seier banksjef for Bømlo og Kvinnherad, Vivi Tranøy Loftheim.

I fjor fekk alle aldersbestemte lag som søkte om det nye fotballdraktar til sine lag. Dette vil banken vidareføre i år, og i tillegg utvida til også å gjelda handballag, opplyser den lokale banksjefen. Banken kunne elles gle seg over at kundesenteret fekk Kantar TNS sin kundeservicepris som beste bank i 2017.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.