annonse

Spitfire over Sørstokken

Flydagen
Flydagen: Flydagen - Spitfire (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flydagen
Flydagen: Flydagen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flyprat
Flyprat: Flyprat (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Saab
Saab: Saab (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Saab
Saab: Saab (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Modellfly
Modellfly: Modellfly (Foto: Håvard Hammarstrøm)
T6 Harvard
T6 Harvard: T6 Harvard (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Spitfire 2
Spitfire 2: Spitfire (Foto: Håvard Hammarstrøm)
T6 Harvard
T6 Harvard: T6 Harvard (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Spitfire 7
Spitfire 7: Spitfire 7 (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Spitfire 5
Spitfire 5: Spitfire 5 (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Spitfire 3
Spitfire 3: Spitfire 3 (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Yak
Yak: Yak (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Om lag 1.000 vitjande tok turen til flydagen på Stord lufthamn Sørstokken på laurdag. Sjå biletgalleriet som inkluderer ein vaskekte Spitfire, Yak-52, T6 Harvard, Saab Safir og Pitts S2A.

Håvard Hammarstrøm

Laurdag vart ein fantastisk dag for alle flyfrelste på Stord lufthamn Sørstokken. I strålande sommarvêr stod veteranfly på rekkje og rad. Ein ekte Spitfire, to Yak-52, ein T6 Harvard og ein Saab Safir. I tillegg hadde flyklubben sine fly utstilte, og modellflyklubben hadde utstilling. I løpet av dagen var også fleire flotte amerikanske bilar innom hangaren, så her var mykje å sjå for små og store. Nokre fekk seg ein flytur med helikopter eller Stordflyet til Danish Air Transport.

Oppvisning

Det store høgdepunktet var nok likevel flyoppvisinga. Først ut var modellflyklubben, og deretter var det eine veteranflyet etter det andre i lufta. Spitfire-flyet hadde størst motorkraft, og var det store høgdepunktet, men det var flyet av type T6 Harvard som nådde dei store høgder med omsyn til lydnivå. Yak-flya nytta røyk som ekstra effekt, til glede for publikum, og akrobatflyet Pitts S2A gjorde flotte stunts.
Her kan du lese meir om flya som deltok på flydagen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.