annonse

Stadnamn og sjølvstyre

+ * STadnamnlova: For ti år sidan kom det eit forslag om at det offisielle namnet på Hollund kunne bli omgjort til Holland, eventuelt Hollond. Det trass i at namnet hadde vore Hollund sidan 1600-talet.

Både her på Bømlo og fleire andre stader i landet var det debatt om lokalt sjølvstyre med omsyn til stadnamn, både sett frå kommunen si side og frå grunneigarane si side. Dåverande stortingsrepresentant for Høgre Øyvind Halleraker fremja saman med partikollega Olemic Thommessen forslag om lovendring som skulle gje uttale frå grunneigarar avgjerande betydning i stadnamnsaker. Dette vart samrøystes vedteke av Stortinget.

I 2014 var forslaget til endring av stadnamnlova ute på høyring, og no fire år seinare kjem det igjen eit forslag til endring av endring av stadnamnlova på høyring. Her blir det lagt opp til at kommunane i større grad enn tidlegare kan få gjennomslag for sitt syn når det gjeld skrivemåte på stadnamn.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.