annonse

Statoil forlengjer kontrakt med «Viking Energy»

Viking Energy
Viking Energy: "Viking Energy" i Bergen. (Foto: Arkiv)

Statoil har vald å nytte seg av ein opsjon på forlenging av kontrakta med Eidesvik Offshore-fartøyet «Viking Energy»

Håvard Hammarstrøm

Opjonen er på eitt år, og tek til i april i år. Dette melder reiarlaget i ei børsmelding måndag ettermiddag. Forsyningsskipet held dermed fram på kontrakt for Statoil fram til april neste år. I børsmeldinga heiter det at opsjonen blir ei direkte forlenging av noverande kontrakt.

– Skipet vil bli klargjort for landstraum og vil få installert betre utstyr for måling av drivstofforbruk, heiter det i børsmeldinga.

I ei pressemelding frå selskapet står det å lesa at skipet har gått på kontrakt for Statoil heilt sidan det vart levert i 2003. Som kjent var dette det første forsyningsskipet i verda som kunne gå på flytande naturgass (LNG). I 2016 vart det dessutan montert batteripakke om bord.

– Me set stor pris på at Statoil igjen syner oss tillit, og me er glade for å kunne forsterke samarbeidet med Statoil for ytterlegere reduksjonar i utslipp frå våre skip, uttaler administrerande direktør i Eidesvik Offshore, Jan Fredrik Meling.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.