annonse

Stord skulekorps vann vandrepokalen

Vinnarkorpset
Vinnarkorpset: Stord skulekorps jublar for siger i Bømloblåsen og for å ha henta heim vandrepokalen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Festkonsert
Festkonsert: Tradisjonen tru heldt Bømlo Janitsjar festkonsert i samband med prisutdelinga. Neste år er korpskonkurransen Bømloblåsen 30 år. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Premieutdeling
Premieutdeling: Det var stor glede blant stordabuane i salen då Esther Karin Hatlevik og Emilie Ueland kunne ta imot diplom og pokalar. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Bømloblåsen 2017

Stord skulekorps vann årets utgåve av Bømloblåsen. Med sitt tredje napp i vandrepokalen fekk korpset denne til odel og eige.

Håvard Hammarstrøm

Det var berre tre korps med i årets utgåve av Bømloblåsen, nemleg Bømlo samarbeidskorps, Moster skulekorps og altså Stord skulekorps. Alle tre korpsa fekk ros for flott innsats i samband med prisutdelinga laurdag ettermiddag. Dommarar i år var Jan Magne Olsen og Hans Gunnar Skreslett. Bømlo Janitsjar heldt ein flott festkonsert før vinnarane skulle kårast.

{{imageLeft}}

Jamt og spennande

Det skilte berre fire poeng mellom første og tredjeplass. Mellom vinnarkorpset Stord skulekorps og Moster skulekorps på andreplass skilte det tre poeng, og mellom andreplassen og Bømlo samarbeidskorps på tredjeplass skilte det berre eitt poeng. Jubelen stod i taket blant stordabuane i salen då det vart klart at korpset hadde vunne. Med sitt tredje napp i vandrepokalen kan korpset plassere denne i skapet heime på Stord. Det var Esther Karin Hatlevik og Emilie Ueland som tok imot diplom og pokalar på vegner av korpset.

{{imageLeft}}

– Det er veldig kjekt å vinna Bømloblåsen for tredje året, seier Emilie. Esther er samd.

– Dette er andre gongen me vinn vandrepokalen! seier ho. Stord skulekorps spelte "Accolade", "Risk everything for a dream" , "Prelude and Firestorm" og "Seven Nation Army" i samband med konkurransen. Me gratulerer.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.