annonse

Store køar ved Bømlafjordtunnelen i ettermiddag

LANG KØ MOT FØYNO
LANG KØ MOT FØYNO: Dette biletet viser sørgåande trafikk mot Føyno, ståande i kø i Digernestunnelen. (Foto: Carina Wangensten)

Trafikken gjekk tregt ved Bømlafjordtunnelen lenge i ettermiddag.

Nils-Tore Sele

Eit stort opplysningsskilt inne i tunnelen vart rive ned av eit høgt køyretøy i 14-tida. Tunnelen var  open med manuell dirigering mellom klokka 15 og 16. I 16-tida melde Vegtrafikksentralen vest at oppryddingsarbeidet var ferdig, og trafikken gjekk som normalt att.

- Bømlafjordtunnelen var heilt stengd mellom klokka 14 og 15 i samband med nedrivinga av det store skiltet. No er det manuell dirigering gjennom tunnelen og trafikken vert losa unna elektriske kablar som framleis heng ned frå taket, opplyser operatør Ove Amundsen ved Vegmeldingssentralen i Bergen til Bømlo-nytt klokka 15.15.

Situasjonen vil vera slik enno ei stund, opplyser operatøren. Det vert venta på elektrikarar som skal komma til staden med korgbil, slik at dei hengande kablane kan takast hand om på ein god måte.

- Kor lenge dette vil vara er uråd å seia. Det vil nok ta tid, og det er godt mogleg at tunnelen vert stengt att når reparasjonsarbeidet tek til. No er det blitt rydda opp slik at me kan sleppa trafikk forbi, seier Amundsen.

Vår journalist Carina Wangensten køyrde for ikkje lenge sidan forbi staden i buss, på veg mot Stord. Ho fortel om enorme køar i begge retningar på Føyno.

- Her er ingen dirigering for dei som kjem frå Bømlo og skal mot Stord. Eg såg nokre farlege forbikøyringar for å komma utanom køen og vidare mot Stord, fortel Wangensten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.