annonse

Store mengder nedbør og torden

Mykje nedbør
Mykje nedbør: Meteorologisk institutt melder at det kan bli overvatn, slik som dette arkivbiletet frå Vika syner. (Foto: Geir Einarsen/Arkivfoto.)

Utover ettermiddagen og kvelden tysdag kan det bli mykje nedbør og torden.

Håvard Hammarstrøm

Det melder Meteorologisk institutt. Det er sendt ut eige farevarsel for Hordaland som gjeld tysdag ettermiddag og kveld. Stadvis kan det kome så mykje som 40-60 millimeter nedbør på berre seks timar.

– Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmingar, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred der regnbygene treff. Vurder trong for førebyggjande tiltak. Følg lokale styresmakters instruksjonar. Trong for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, heiter det. Frå midnatt natt til onsdag rekner ein med lettare vêr og at faren er over. Det kan gjerne vera ein fordel å sjå til båtane sine også dersom det kjem såpass mykje nedbør i løpet av kort tid.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.