annonse

Stormfulle Caroline er på veg

KAN BLI KRAFTIGE SAKER
KAN BLI KRAFTIGE SAKER: Vêrvarslinga på Vestlandet melder at fredag kan bli prega av storm. ILLUSTRASJONS (Foto: NILS-TORE SELE)
STERKE SAKER
STERKE SAKER: Caroline er på veg. Skjermdump frå twitterkontoen til Meteorologane. (Foto: )

Britane har nettopp hatt vitjing av uvêret dei kallar for Caroline. No er ho på veg mot oss.

Nils-Tore Sele

Eit kraftig stormsenter er no på veg mot Vestlandet. Meteorologane meiner at vêret kan utvikla seg til ekstremvêr frå i kveld og fredag. Lågtrykka har lege i kø utanfor oss den siste veka, men no er det også kraftig vind på veg. Stormsenteret er venta å treffa land i kveld, torsdag.

Meteorologane meiner at Hordaland og Rogaland vil få smaka dei sterkaste kreftene av stormen, men også i Sogn og Fjordane vil det blesa godt. Den sørvestlege vinden kan frå i kveld komma opp i full storm styrke utanfor kysten av Rogaland og Hordaland. Det er venta vindkast på opp mot 40 meter per sekund. Stormsenteret gjev også høg vasstand. Det er sendt ut obs-varsel om dette frå Stavanger i sør til Rørvik i nord.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.