annonse

Størst på Bømlo?

KJEMPEKRABBE
KJEMPEKRABBE: Kven har fått den største krabben på Bømlo? Jan Einar Andreassen har rekorden med denne krabaten inntil nokon kan dokumentera større fangst. (Foto: )

Eller er det nokon som har fanga større krabbe på Bømlo enn denne som Jan Einar Andreassen fekk denne veka?

Ingvild Sjo

I alle fall er det ein voksen kar som sprikjer med klørne i bøtta like etter at han er komme ut av teina. Den var sett vest for Lykling. Andreassen er frå Sveio, men far hans var bømling. Sjølv er han mykje på fritidsbustaden på Lykling, og han er ein ivrig krabbesfiskar. Han fortel at no er det er mykje krabbe å få, men ikkje i Børøyfjorden. Ein må lenger vest.

– På vestsida er det mykje krabbe. Denne var det litt stas å få, seier han om gigantkrabben som han sjølv har målt skalet til 23 centimeter. Han lurer på om det kan vera bømlarekord.

Taskekrabbe

Havforskingsinstituttet opplyser at taskekrabben, som han heiter, kan få ein storleik på skalet på 26 centimeter. Hokrabbane er litt mindre; dei kan bli 22 centimeter. Han kan bli 20 år gammal. Ved Akvariet i Bergen fekk dei i 2009 inn ein krabbe som hadde over 27 centimeter, og denne har noregsrekord i dag. Send gjerne eit foto til Bømlo-nytt om du har fått, eller får ein kjempekrabbe som kan måla seg med denne som Andreassen fekk.

Mest i klørne

Den store krabben er oppeten allereie. Sjømat skal vera fersk, så storekrabben måtte i gryta først og hamna så på ei skjeva som pålegg. Krabbeskjeva er ein favoritt, men han vedgår at litt mindre krabbar smakar betre enn store.

– Det var ikkje mykje i skalet, men klørne var det ganske bra med kjøt i, seier han. Helst skulle han ha stoppa ut heile krabben, men det er ein litt komplisert jobb.

– Eg har teke vare på skalet og skal vel ha det til pynt ein stad, seier krabbefiskaren, som nok har nye teiner på gang.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.