annonse

Støttar endring av oppdrettsanlegg

* Nordsjø Fjordbruk AS har søkt om å få gjera endringar på sin oppdrettslokalitet Nappeholmane, nord for Spyssøy. Dei vil erstatta to 35x35 meter store bur med fire mindre bur. Søknaden har vore oppe til høyring og stod på sakskartet sist veke i utval for areal og samferdsle. Politikarane hadde ingen merknader, og gjekk inn for søknaden. Oppdrettsselskapet har løyve til oppdrett av 2.340 tonn laks, aure og regnbogeaure ved Nappeholmane. Produksjonskapasiteten blir den same etter endringa. Dei har søkt om å få oppgradera lokaliteten til eit meir moderne oppdrettsanlegg, der det mellom anna er integrert daudfiskhandtering, går det fram av saksutgreiinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.