annonse

Stutar ville ut og fly

Ville på ferie?
Ville på ferie?: Det er uvisst om desse firbeinte ønskte seg ein luftetur med Stordflyet. Då det var lite å sjå på flyplassen gjekk dei i alle fall skuffa heim (Foto: Jan Morten Myklebust/Stord lufthamn Sørstokken)

Stord lufthamn Sørstokken fekk onsdag uventa feriegjestar.

Håvard Hammarstrøm

Stord lufthamn Sørstokken melder på sine nettsider at det kom fem firbeinte gjestar til flyplassen. Stutane kom spaserande opp Flyplassvegen og vandra inn på parkeringsplassen. Ifølgje nettsida til flyplassen vart ungdyra verande ei stund på parkeringsplassen, før dei valde å returnere same vegen som dei kom. Frå tårnet vart det konstatert at dei då la inn «ein sørleg kurs».

– Dei unge stutane returnerte frå flyplassen då det gjekk opp for dei at Stordflyet flyg eit redusert flyprogram på Oslo-ruta og morgonflyet vart kansellert, heiter det.

Fleire avgangar

Flyplassen kunne likevel samstundes komme med gode nyhende med omsyn til Oslo-ruta. Det har den siste tida vore godt belegg på desse flyavgangane. Det gjer sitt til at Danish Air Transport startar opp med ein ekstra rotasjon tur-retur Oslo på torsdagar frå og med 24. august. Frå då av blir det ein avgang frå Stord med retur frå Oslo tidleg på ettermiddagen denne vekedagen.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.