annonse

Sunnhordlendingane kasta 400 tonn plast

Nytt selskap
Nytt selskap: I fjor var det eit nytt selskap som tok over innhenting av hushaldningsavfall. Då starta også henting av plast, og det blir henta restavfall oftare (Illustrasjons (Foto: SIM)

Sunnhordlendingane leverte i fjor inn nær 400 tonn plast til SIM. Av dette kom rundt 300 tonn inn i plastsekkar som blir henta av bosbilane.

Håvard Hammarstrøm

Dette melder Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) i ei pressemelding. Resten av plasten, om lag 100 tonn, vart levert inn på miljøsentralane.

Vellukka plastinnsamling

Den nye ordninga med plastinnsamling som vart starta i april i fjor ser ut til å fungere godt.

– Det er bra. Plasten me samlar inn blir sendt til gjenvinning via Grønt Punkt Norge, og mesteparten av det ein får inn blir attvunne til nye plastprodukt, som til dømes forbruksartiklar eller produkt til bruk i industri og anlegg, seier ansvarleg for plan, innkjøp og kommunikasjon i SIM, Janne Hillersøy.

Nytt selskap og ny innhentingsordning var ein overgang for innbyggjarane i fjor vår, men SIM har opplevd få driftsproblem etter snart eitt års drift.

– Litt vil det alltid vera med oppstart av ei ny ordning og nye rutinar, med henteordning for plastemballasje og endra frekvens på restavfall. Abonnentane har teke dette på strak arm, og gjort sitt til at dette har gått veldig bra.

Kastar meir bos

I pressemeldinga kan me elles lesa at innbyggjarane i SIM-området i fjor kasta om lag 451 kilo bos i snitt. Det svarer til ei auke på 3,8 prosent samanlikna med året før. Av dette var 57,8 kilo bioavfall, 32 kilo papiravfall og 15 kilo farleg avfall.

– Me har hatt ein liten nedgang i avfallsmengdene nokre år no. Både i 2015, 2016 og 2017 gjekk mengdene avfall frå hushald ned, men fjoråret viser at mengdene aukar att, seier Hillersøy.

Kva så med skilnaden mellom SIM-kommunane? Hillersøy opplyser at skilnaden er liten, både med omsyn til innhenting med bosbil ved heimane og på miljøsentralane. Auken sist år fordeler seg både på det som blir henta med bosbil og det som blir levert inn via miljøsentralane.

Besøkstalet går ned

Samstundes som mengda avfall går opp, syner statistikken at besøkstalet på miljøsentralane gjekk noko ned i fjor. Nedgangen kom etter fleire år med jamn auke i besøkstalet.

– Bakgrunnen for svingingane veit me ikkje heilt sikkert. På miljøsentralane kan det skuldast ny ordning med henting av plastemballasje, noko som igjen kan ha ført til færre besøk. Men dette veit me som sagt ikkje heilt sikkert, påpeikar Hillersøy.

Mykje mat i restavfallet

Ein analyse SIM har gjennomført syner at abonnentane generelt er flinke til å sortere boset sitt. Likevel hamnar mykje matavfall i restavfallet. Den største mengda avfall som ikkje skal vera i restavfallet er nettopp bio, og feilsorteringa her var heile 25 prosent.

– Det er synd. Dette er avfall som kunne blitt gjort om til kompostjord. I tillegg er det ikkje bra at me kastar så mykje mat, seier Hillersøy.

Kastar etande mat

Ho kan elles opplyse at SIM har vore med i ein matsvinnanalyse i regi av Miljødirektoratet.

– Den synte at av matavfallet som blir kasta var heile 41 % rekna som matsvinn. Det vil seia at det er mat som hadde vore etande. Og det er sjølvsagt ikkje bra, understrekar Hillersøy.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.