annonse

Suste forbi laser i 110

Vinka inn
Vinka inn: Ein ny bilist blir vinka inn av politibetjent Sven Hagen i Utrykkingspolitiet. Dette var den 13. bilisten som vart vinka inn i løpet av om lag to timar med kontroll onsdag (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Utrykkingspolitiet har halde ny kontroll på nyevegen ved Foldrøy i dag. Ein bilist vart målt til 110 kilometer i timen.

Håvard Hammarstrøm

For andre dag på rad heldt Utrykkingspolitiet onsdag kontroll på den nye vegen mellom Stokkabekken og Siggjarvåg. Tysdag vart det skrive ut 15 forenkla forelegg, ein bilist vart meld og ein bilist mista førarkortet. Alt i løpet av to timar. Onsdag vart det igjen skrive ut forelegg så blekket spruta.

Køyrde i 110

Kontrollen onsdag starta klokka 14. Då Bømlo-nytt var i kontakt med patruljen i 16-tida var det skrive ut til saman 12 forenkla forelegg. Ti for fartsoverskridingar og to for mobilbruk. Politibetjent Sven Hagen i UP vinka like etter inn ytterlegare ein bilist på busshaldeplassen ved krysset til Foldrøy. Han seier patruljen desse to dagane har hatt kontroll med laser og kikkert. Høgste målte fart så langt under kontrollen onsdag var 110 kilometer i timen. I 80-sone vil ei slik farsoverskriding normalt kunne gje eit forenkla forelegg på 8.300 kroner etter dei nye satsane som vart innførte ved nyttår.

Viktig med kontrollar

– Kva tenkjer du om at det vart skrive ut 15 forelegg i går, ein bilist vart meld og ein mista førarkortet berre i løpet av to timar?

– Med tanke på trafikken her er det mykje. Det er beklageleg. Her er ny, fin veg med rette strekningar, og det har ikkje vore snakk om grisekøyring, men det er viktig at bilistane held fartsgrensa. Me veit at dei fleste dødsulukkene i trafikken skjer når farta er over 70 kilometer i timen, svarer han. I løpet av to kontrollar har altså UP skrive ut nærmare 30 forenkla førelegg, meld ein bilførar og beslaglagt eitt førarkort. Hagen seier det er viktig for UP å vera synleg på denne vegstrekninga.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.