annonse

Syner kortfilmar innspelte på Bømlo

Even
Even: Screenshot frå kortfilmen "Even" som blir synt fram i Bømlo kulturhus torsdag ettermiddag. (Foto: Screenshot/Bømlo kulturhus)

Torsdag ettermiddag blir det synt tre kortfilmar i kinosalen i Bømlo kulturhus. Filmane er laga av ein bømling, og filmane er delvis spelte inn på Bømlo.

Håvard Hammarstrøm

Bømlo kulturhus opplyser at filmane er laga av Aagaash Selva. Selva er oppvaksen på Bømlo, og han er for tida filmstudent på Noroff School of technology and digital media. Saman med medelevar har han laga tre kortfilmar gjennom skuleåret. Dei er delvis filma på Bømlo, mellom anna i storsalen på Bømlo kulturhus, med lokale skodespelarar og statistar. Selva har vore produsent på to av filmane, og alle er produserte under produksjonsnavnet hans "Wrong Channel". Ein av dei lokale skodespelarane er Stian Olderkjær som til vanleg arbeider som  SLT koordinator i Bømlo kommune.

Dei tre kortfilmane som blir synte er "EVEN", "Into the Rabbits Hole" og "Valhall".

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.