annonse

Ta godt i mot dei

Viktig sak
Viktig sak: Elisabeth Fylkesnes Meling og Nora Eline Schive, er bøsseberarar for Tv-aksjonen i dag. (Foto: Stine R. Rørvik)
: (Foto: )
: (Foto: )

Frå klokka 16 i dag strøymer 100.000 bøsseberarar ut i gatene fordelt på heile Noreg, for å samle inn pengar til skulegang for barn i land med krig og konflikt.

Tv-aksjonen

På Bømlo er det også stort engasjement rundt Tv-aksjonen, og me møtte to som var klare for å samla inn pengar.

– Eg ser på dette som ein enkel innsats for å hjelpa andre, seier Elisabeth Fylkesnes Meling. Det er 7. gong ho er bøsseberar. Med seg har ho Nora Eline Schive, som går for 2. gang.

– Eg synest det er veldig gøy å få delta, seier Nora.

Begge er samd om at temat for årets tv-aksjon er høgaktuelt og ein veldig god sak.

Me håpar at alle tar godt i mot bøsseberarane på Bømlo i ettermiddag.

stine@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.