annonse

Tapte for gode meksikanarar

God høgreving
God høgreving: Adrian Alvsvåg Bukkøy og Rubbestadnes G16 kom seg til 8.-delsfinalen i årets B-sluttspel i Norway Cup. Her frå siste kampen i innleiande runde. (Foto: Vidar Alfarnes)

Norway cup 2019 er historie også for Rubbestadneset sine to lag.

  • Vidar Alfarnes

Dei yngste gutane (14 år) fekk eit hardt sportsleg møte med gigantturneringa. Pulje-kampane mot tyske Vaalserquartier, Ullern og Spjelkavik enda alle med tap. Og i B-sluttspelet var dei sjanselause mot Ellingsrud i 32-delsfinalen. 1-6.

16-åringane sparka betre frå seg, sjølv om også dei hamna i B-sluttspelet. Der vann dei både 32- og 16-delsfinalen mot høvesvis Flisa og IL Bjørn. Før meksikanske Club Reforma vart for sterke i 8-delsfinalen.

Dermed fekk begge Rubb-laga møta utanlandsk motstand. Det er det stadig færre som får oppleve på Norway cup.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.