annonse

Tenåringar på uregistrerte MC

Politiet
Politiet: 32 bilistar vart kontrollerte for promille i natt. Arkivfoto. (Foto: Stine R. Rørvik)

Ein tenåring blir meld av politiet medan ein annan fekk forenkla forelegg i Gassasundet natt til torsdag.

Håvard Hammarstrøm

Det er Sør-Vest politidistrikt som melde dette på Twitter klokka 0215. Dei to gutane i tenåra vart stogga av ein politipatrulje i Gassasundet. Dei to køyrte kvar sin uregistrerte lette motorsykkel. Den eine tenåringen vil bli meld for tilhøvet, medan den andre fekk eit forenkla forelegg.

– Verge er informert, skriv politiet i Twitter-meldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.