annonse

Tid for litt godheit

Sentrale
SEntRALE: Sissel Fylkesnes Våge (diakonitenesta) og Anne T. Johannessen (frivilligsentralen) håpar på god oppslutnad om godheitsveka. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)

Snart går frivilligsentralen og diakonitenesta i bresjen for godheitsveka på Bømlo.

Nils-Tore Sele

I år går godheitsveka på Bømlo føre seg 29. og 30.mai.

– Nytt for i år er at me vil fremheva at det går an berre å få besøk eller vitja nokon. Ein må ikke gjera noko. Me har fått tilbakemeldingar på at somme saknar at nokon berre kjem innom og tek ein kaffikopp og har tid til ein drøs, seier Anne T. Johannessen i Bømlo Frivilligsentral.

Det er frivilligsentralen og diakonitenesta på Bømlo ved Sissel Fylkesnes Våge som er ansvarleg for godheitsveka, i samarbeid med ulike lag og organisasjonar kringom i kommunen.

Tidlegare har godheitsveka gått over tre dagar, i år vert det to.

Kva ligg bak godheitsveka? Utanom å gå på besøk, få besøk og gjerne drikka kaffi eller litt te, høyrer det også med å tilby hjelp til den som treng litt hjelp til slikt som kanskje litt hagearbeid, rydding i garasjen, vask av kjøken, vask av vindauge, vera ein turkamerat og liknande.

– Tilbodet skal vera gratis, og den som gjer noko forventar ikkje å få noko tilbake, understrekar Johannessen, og opplyser at dei som synest dette høyrest både kjekt og spennande ut, kan ta kontakt anten med frivilligsentralen eller diakonitenesta frå kommande måndag.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.