annonse

To år utan fråversskadar

God jobb
God jobb: Erik Myre Sunde (t.v.) og Steinar Axelsen har begge gjort sitt til at fråversskade-statistikken står på null etter jobben i Media City Bergen. (Foto: Los Elektro)

Los Elektro har no hatt to år utan fråversskadar i bedrifta. Det betyr mykje når nye kontraktar skal forhandlast.

Randi Olsen

Det nærmar seg slutten på arbeidet med Media City Bergen, der Los Elektro har hatt den største kontrakten sin nokosinne.

– Me har hatt kring 100 mann i arbeid der sidan 2014, og me er veldig stolte over at me ikkje har hatt ein einaste fråversskade i løpet av denne tida, seier HMS-leiar i Los Elektro, Petter Andreassen.

– Me har forresten ikkje hatt fråversskade i det heile blant dei 220 tilsette i firmaet vårt denne perioden, held han fram.

Los Elektro har vore den største underleverandøren til det nye mediesenteret i Bergen. Dei har utført alt elektroarbeidet på bygget.

– At me ikkje har fråværsskadar betyr sjølvsagt først og fremst godt nytt for dei tilsette. At alle har kunna gått heim frå jobb friske og raske. Men det betyr også mykje for oss å ha slike gode statistikkar når nye kontraktar skal forhandlast, seier Andreassen.

Saman med ein tilsett til utgjer han heile HMS-avdelinga i bedrifta.

– Eg blir HR-sjef til hausten, så då blir nok gjerne HMS-avdelinga utvida litt, opplyser Andreassen.

Kunne halda på fagfolka

Den store kontrakten med Entra Eiendom som har vore byggherre for Media City Bergen, har gjort at Los Elektro har hatt full sysselsetting i denne perioden.

Dei har tilsett både fagfolk og lærlingar i ein periode der andre bedrifter i bransjen har slite, skriv prosjektleiar Fredrik Dale Urke i ei pressemelding, der han takkar både tilsette og samarbeidspartnarar for godt utført jobb.

– Media City Bergen skal opna til sykkel-VM no i haust, så me er på det næraste ferdige med vår jobb, opplyser Andreassen.

– Korleis ser det ut vidare framover, står fleire store oppdrag i kø?

– Det ser lyst ut. No er det større optimisme innan olje og gass, det er mykje på gang offshore, der me kan leiga ut folk våre. Me reknar dessutan på fleire anbod, utan at eg kan seia noko meir om det no.

Andreassen opplyser at dei mellom anna har 30 mann i oppdrag hos ABB på Karmøy, og dei har også utleigde tilsette elektrikarar til prosjekt i Polen.

– Det er jo litt spesielt at me som eit høgkostland leiger ut arbeidskraft til eit lågkostland, men det har me altså. Me har dessutan kontaktar innanfor fleire selskap som driv stort internasjonalt. Så me er optimistiske, seier Petter Andreassen.

Los Elektro hadde ein omsetnad på 278 millionar kroner i 2016, den høgaste omsetnaden i bedrifta si historie.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.