annonse

To prikkar i førarkortet

Bømlafjordtunnelen
Bømlafjordtunnelen: (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Ein bilførar har fått to prikkar i førarkortet og må betale bot etter fartskontroll i Bømlafjordtunnelen.

Håvard Hammarstrøm

Politiet melder at bilisten fekk boten og dei to prikkane i førarkortet etter fartsmåling i Bømlafjordtunellen torsdag ettermiddag.

– Bilisten vart målt med speedometermåling av ein patrulje, og etter fråtrekk frå tryggleiksmargin var bilen målt til 100 kilometer i timen i 80-sona, seier operasjonsleiar Håkon Lokna i Sør-Vest politidistrikt til Bømlo-nytt. Bilføraren vedtok boten på staden.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.