annonse

Torsdag kjem hauststormen

Vind og nedbør
Vind og nedbør: Det er varsla kraftig vind utover dagen i morgon, torsdag. Arkivfoto (Foto: NILS-TORE SELE)

Torsdag kjem eit lågtrykk inn over Vestlandet med vindkast opp i storm styrke. – Dette er svært uvanleg.

Håvard Hammarstrøm

Lågtrykket er venta inn over Vestlandet og Trøndelag. Langs kysten av Vestlandet blir det vindkast opp mot 30 meter pr. sekund, og i Sogn og Fjordane kan det bli kastevindar med styrke opp mot 35 meter pr. sekund, melder Yr.no. Den kraftigaste vinden blir ved Stad og i høgfjellet. Her er det venta full storm. Ein bør difor helst unngå å køyre over fjellet til stormen har gitt seg.

Vinden kan bli kraftig også på våre kantar. Meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk instututt uttaler at denne typen storm er uvanleg på denne tida av året. Me får ein storm som er meir vanleg om hausten.

Kastevindar

– Kastevindanen er dei som kan gjera mest skade. Folk må vera varsame, og ikkje leggja ut på båttur eller fjelltur. Fjern lause gjenstandar, fest trampolina og tenk over om du lyt ta inn hagemøblane. Tenk som du ville ha gjort om det var ein hauststorm på veg, seier Seter. Det er venta å blesa opp frå torsdag føremiddag. Det er sendt ut oransje-varsel for vårt område, som svarer til det tidlegare obs-varselet. Det kan altså bli storm, men meteorologane presiserer at det ikkje er sendt ut ekstremvêrvarsel.

– Det som gjer oss litt uroa er at folk kan vera dårleg budde på det som no kjem. Me har hatt veldig fint vêr i dette området lenge, folk har mange ting ute i hagane sine, og det går føre seg fleire festivalar, seier Seter.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.