annonse

Traktorvelt hemma trafikken

Traktoruhell
Traktoruhell: Hektisk med å berga traktoren og få trafikken forbi på ulukkesstaden på Hidle i ettermiddag. Heldigvis kunne ein bil frå Kjell Birkenes Transport komma til hjelp. (Foto: Geir Einarsen)

I ettermiddag stod trafikken i stampe på Hidle langs fv 541. Grunnen var ein traktor som velta då han møtte vogntog på den smale vegen.

Nils-Tore Sele

Traktoren kom utfor fylkesvegen på Hidle litt før klokka 15.30, torsdag ettermiddag. Frilansar Geir Einarsen fortel at uhellet skjedde då traktoren møtte trailer på staden. Traktoren kom utfor vegen og velta på sida då føraren byrja å rygga. På tilhengjaren hadde han rundballar med høy. Tilhengjaren vart ståande att på vegen.

Det samla seg lange køar i begge retningar. Ein lokal lastebil med krane kom til staden og fekk flytta traktoren slik at trafikk kunne sleppast forbi. Vegen var stengt medan traktorberginga gjekk føre seg. Vegen vart stengt i rundt ein time, og etter kvart vart trafikk sleppt puljevis forbi i begge retningar.  Ingen kom til skade i samband med utforkøyringa, får Bømlo-nytt opplyst frå Geir Einarsen som var mellom dei som måtte venta lenge i kø før han kunne køyra vidare.

Ein ambulanse som skulle i nordleg retning, var også mellom køyretya som passerte ulukkesstaden. Køyreturen gjekk  med blålys på veg frå Hidle.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.