annonse

Treff blink med bruktmarknad

Likar godt å handla
Likar godt å handla: Desse damene kom frå Bremnes for å handla, og dei likte veldig godt marknaden. Her fann dei masse fint til borna sine. Frå venstre Ola, Raduah, Ramah og Nibad. (Foto: )
Snart 17. mai
Snart 17. mai: Bruktmarknaden har som mål å ha klesplagg for sal slik at ein er klar til neste sesong. (Foto: )
Langvegsgjester
Langvegsgjester: Gunn Elin Halseid og mannen Onen hadde òg anna ærend på Bømlo, og kom difor heilt frå Sveio med sønene Noah Tobias og Jonathan for å handla. – Veldig godt initiativ, men litt vanskeleg å finna fram til skulen, seier dei. (Foto: )
GODT TEAM for miljøet
GODT TEAM for miljøet: Frå venstre Ane Prinz, Lene Urang, Linda Mari Wilhelmsen og Inger Mari Myklebust arbeider godt saman. (Foto: )

Fire kvinner står bak marknaden med brukte barneklede på Rubbestadneset. Søndag selde dei for nær 21.000 kroner på to timar.

Ingvild Sjo

I år vart den årlege bruktmarknaden halden i gymsalen ved Rubbestadneset skule, og fleire hundre menneske var innom på handel dei to timane søndag ettermiddag. I tillegg til klesbutikk, er det kafe med i konseptet. Heimelaga formkaker, bollar, lappar og vaflar, kaffi og saft.

Fire venninner

Ane Prinz har budd nokre år i Tyskland, og det er derifrå ho har med seg ideen om ein bruktmarknad for barneklede.

– Det er dyrt å vera småbarnsforeldre, seier ho og synest at konseptet er eit godt tiltak både sosialt og økonomisk, og for miljøet. Dei fire har arrangert bruktmarknad saman tre år på rad.

– Me tenkjer at me skal ha ein marknad om våren, og ein om hausten, slik at folk kan kjøpa klede som høver til neste årstid, seier dei.

Enkelt system

Opplegget er som følgjer: Først reklamerer dei på Facebook-sida si Rubbestadneset Barnebrukthandle, og til kjensfolk rundt om, om å vera med som seljarar og levera klede til marknaden. I år fekk dei 20 seljarar med. Kvart klesplagg vert merka med nummeret til seljaren, og den prisen seljaren vil ha for plagget. På fire langbord vert kleda lagt i dungar, sortert i forskjellige storleikar på kvart langbord. Så er det berre for kunden å leita etter det ein treng.

Når kunden kjøper eit plagg, vert lappen med seljarnummer og pris lagt i ein boks. Så er det berre å rekna saman kor mykje kvar seljar har selt for.

Til ei god sak

Men seljaren får ikkje all inntekta som kjem inn. Seljaren får 85 prosent. Dei resterande 15 går til eit velgjerande formål, saman med inntekta frå kafeen. I år vart det sendt 3.517 kroner til Stine Sofies Stiftelse. Tidlegare år har Barnekreftforeininga og Sjukehusklovnane fått fine bidrag frå desse kvinnene på Rubbeestadneset sitt gode initiativ.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.