annonse

Trudde nesten ikkje det dei såg

Overrasking
Overrasking: Ingvaldsen er overraska over at torsken har greidd å svelgja den store plastflaska. (Foto: )
Rund og fin
Rund og fin: Bjørn Ingvaldsen og Tore Fjellstad syntest han var vel stor og rund rundt buken, torsken dei fekk på garnet i Grindheimsvågen fredag. Alle (Foto: Privat)
Ved utedøra
Ved utedøra: Torsken med flaska i buken vart teken på garn i Grindheimsvågen på Moster fredag. (Foto: )

– Det kom ein merkeleg klukkelyd frå buken då me drog torsken over ripa. Han hadde svelgt ei plastflaske med væske i.

Randi Olsen

Bjørn Ingvaldsen og kompisen Tore Fjellstad frå Moster skulle berre dra opp eit makrellgarn i Grindheimsvågen fredag då dei fekk ei både guffen og trist oppleving.

– Me såg at noko jobba og tenkte at her var det godt med sold som hadde gått seg på. Men etter kvart som me drog, fekk Fjellstad auge på ein stor fisk som hang fast i garnet. Ein diger rugg av ein torsk, fortel Ingvaldsen.

Torsken hang fast i garnet etter tennene i kjeften, men dei fekk han om bord.

–Me syntest no fisken hadde ei merkeleg form, buken var stor og rund. Eg tenkte at han var litt sein med gytinga og at det ville bli ein flott rogn-middag på oss. Men synet som møtte oss då me opna buken var både sjokkerande og trist, seier Ingvaldsen.

Plast i torskemagen

For det viste seg at torsken hadde ei flaske i magen, ei halvannanliters-flaske som var avskoren i øvste enden, og som det var væske i.

– Tore (Fjellstad) sa noko om ein rar klukkelyd då fisken kom over ripa, men me hadde nok ikkje kunna førestilla oss synet som møtte oss, seier Ingvaldsen.

– Kva tankar gjorde du deg om funnet?

–Først synest eg det er godt gjort at fisken har greidd å svelgja den store flaska, så overrasking er det første. Men det er jo skremmande å oppleva dette her i Grindheimsvågen på Moster, seier han.

Han vedgår at det gjorde vondt inni han då han såg plastflaska. Fisken var skrinn og mager, og må ha hatt det vondt.

–Ein ting er å sjå dei enorme plastøyane som flyt rundt i Stillehavet. Men dette er midt i matfatet vårt, like utanfor utedøra. Det er skremmande, seier Ingvaldsen.

Han er blitt kontakta av både riksmedia og naturvernorganisasjonar etter at han la ut bileta sine på Facebook.

– Det er ille at me no ser slike konsekvensar av at me kystfolk har nytta havet som avfallsplass gjennom generasjonar. Han vonar at dette kan få folk til å vakna.

– Det var ille med kvalen på Sotra, men på eit vis er dette verre. For dette var éin fisk i éi vik på Moster. Kor mange fleire finst det rundt stovedørene våre? Spør han retorisk.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.