annonse

Ulukke med el-sykkel

Naudetatane på plass
Naudetatane på plass: Både politi og ambulanse er på plass ved Bøtun der ein syklist skal ha falla og skada seg. (Foto: Ill. foto)

Kvinne frakta til Haukeland med legehelikopter. Tilstanden framleis uavklart.

Randi Olsen

Både ambulansehelikopter, ambulanse og politi var på staden kort tid etter at det kom meldng om ei sykkelulukke på Bremnes i kveld. Politiet fekk melding om ulukka klokka 1945.

Ulukka skjedde ved Bøtun, i nærleiken av Bømlo bu- og helsesenter.

– Tilstanden til personen er uavklart. Det var ei kvinne i 30-åra involvert i ulukka, opplyste operasjonsleiar Andre Skram Hansen på operasjonssentralen i Haugesund.

Han hadde ikkje fleire opplysningar om ulukka, og kunne ikkje seia noko om det var fleire personar involverte, då Bømlo-nytt var i kontakt med operasjonssentralen tidlegare i kveld.

Politiet skriv på Twitter at kvinna vart send til Haukeland universitetssjukehus med legehelikopter. Tilstanden er framleis ukjend. 

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.