annonse

Ungdomsbedrift frå Bømlo sikra NM-billett

Nede frå venstre
Nede frå venstre: Mustafa Askari, Marie Aakre, Michelle Lilledal Oppe frå venstre: Linda Våge, Joakim Løkke, Marthe Sortland. (Foto: Privat)

Ungdomsbedrifta WeFlex UB frå Bømlo vidaregåande imponerte dommarane i Bergen torsdag, og er sikra bilett til NM på Lillestrøm.

- Jau, dette kom veldig brått på. Me hadde ikkje venta å vinna! Det er veldig stort å få koma til NM. Konkurransen var veldig hard. Bømlo flaskene «Ein sup av Bømlo» går veldig bra. Me jobber mykje på fritida med betillinger og produksjon, seier Joachim Løkke, dagleg leiar i Ungdomsbedrifta WeFlex.

88 ungdomsbedrifter frå dei vidaregåande skulane i Hordaland var samla i Bergen torsdag for å konkurrera om det beste produktet og konseptet. WeFlex UB frå Bømlo vidaregåande skule vart altså premiert med førsteplass for beste sals- og servicebedrift.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at bedrifta er oppteken av å få kontakt med kunden. Dei er smilande og imøtekommande, aktive og stolte vav produktet sitt. Dei har eit flott og eigenutvikla design og har lukkast med å forankra produktet sitt lokalt. At det var god dynamikk i teamet og at alle var og ville vera involverte var avgjerande for juryen sitt val, står det i kommuntarane.

Dei hadde med seg ulike produkt med unike design med element frå Bømlo. Nokre av produkta vil ha design i refleks, som skapar tryggleik og gjev særpreg, står det i forretningsbeskrivelsen.

UBamboo UB frå Amalie Skram Videregående skole stakk av med den gjevaste prisen. UBamboo har laga ein miljøvennleg tannbørste i bambus. Han er 100 prosent resirkulerbar.

Dei andre som gjek vidare til NM er Tang og tare frå Sotra videregående skole som har laga ulike produkt basert på tang og tare, blant anna tangsalt, tangchips, og tarekraft.

Aktiv Odda UB fra Odda videregående skole tilbyr oppleving og aktivitet til næringsliv, det offentlege og privatpersonar.

UX Festivalen UB fra Metis videregående skole arrangerer ein festival utan 18-årsgrense for å gje dei unge eit festivaltilbod. Festivalen vil gå av stabelen 22. april.


Klikk for å sjå kommentarar ()