annonse

Ungdomsrådet vil bli ein snakkis

: Bømlo ungdomsråd, fv. Petter Alvsvåg (BØV), Ramona Norum (RUS), Mari Gåsland (BUS), Nils Henrik Rogne (BUS), leiar for rådet, Håvard Borgen Steinsbø (RVG), Nils Erik Lønning (Hillestveit), Malin Synnevåg (Hillestveit), Hilda Anthun (MUS) og Emil Pedersen også frå Moster ungdomsskule.
: Ein opplagt leiar, klar for fleire oppgåver, Håvard Borgen Steinsbø.

Ungdomsrådet (UR) synest dei har for lite å gjera. No vil dei gjerne at rådet skal bli spurt.

  • Mariann Gerdsdotter Sagvåg

Rådet har eit budsjett på 83.000 kroner. Desse pengane vil dei gjerne skal komma unge i kommunen til gode. Rådet følgjer skuleåret, medan budsjettet er for kalenderåret, utan det gjer noko.

- I fjor var det pengar att, opplyser Nils Erik Lønning frå Hillestveit skule. Rådet vil gjerne få dela ut alle pengane kvart år, men dei får ikkje nok søknader og trur at folk ikkje hugsar på at dei er her.

- For at me skal kunna gjera noko eller støtta eit arrangement eller ei gruppe, må me få innspel, seier Håvard Borgen Steinsbø, som er leiar for rådet. Absolutt alle som jobbar med og for unge kan søkja midlar frå rådet.

- Det hender at folk søkjer kommunen om tilskot, medan dei heller skulle vendt seg til Ungomsrådet, forklarer kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund, som har vore i møtet med rådet denne fredagen.

Ungdom frå heile Bømlo

UR er sett saman av elevar frå alle ungdoms- og vidaregåande skulane i kommunen. Kvar skule vel sine representantar til rådet som har 12 medlemmar totalt. Dei har budsjettet dei skal råda over, men kanskje vel så viktig er ungdomspolitiske innspel. Bjørklund fortel at engasjement frå ungdomsråda i fylket har vore pådrivarar for dei nye takstsonene som nett er vedtekne på fylkesplan.

- Til neste år vil alle kunna nyta godt av dette gjennomslaget som kan sjåast som ein siger for dei unge sitt engasjement, understrekar kommunalsjefen.

På regionalt nivå samlast representantar frå alle sunnhordlandskommunane sine UR i Sunnhordlands-tinget, vidare kan dei fremja saker for Ungdommens fylkesting. Det er slik dei har vore med å pressa fram dei nye takstsonene.

Saker som vedkjem unge

Ingen saker er for små for UR. Alt som vedkjem unge sin kvardag kan lyftast opp til rådet. Dersom regionens unge har felles utfordringar, kan dette drøftast i Sunnhordlandstinget og slik vidare til fylket om det er det som skal til. No vil UR gjerne gjera rådet til ein snakkis blant alle ungdommane.

- Alle organisasjonar som driv med og for unge må også få dette med seg, meiner Nils Erik Lønning.

- Det er viktig at dei veit at noko ofte kan gjerast og betrast dersom ein berre tek tak i saka, seier Steinsbø. I år støttar dei til dømes Verdensdagen for psykisk helse, slik dei også gjorde i fjor. Bjørklund minner om at dei drøftar ein ny struktur av rådet.

- For å sikra ein betre kontinuitet kan det henda at medlemmane skal veljast for to år i slengen, seier han. Vidare engasjerer dei seg i arbeidet rundt Bømlo storhall, den kan bli ein viktig arena for heile regionen.

UKM - ung kultur møtes for eksempel, det som tidlegare heitte ungdommens kulturmønstring treng ein rommeleg arena for treffa sine.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.