annonse

UNITECH byggjer flytande fabrikk

Slik ser UNITECH føre seg den nye fabrikken i Rubbestadneset. 	(Skisse
Flytande fabrikk: UNITECH) (Foto: )

UNITECH har planar om å byggje ein flytande fabrikk i Rubbestadneset for sjøkablar.

Håvard Hammarstrøm

Det melder verksemda i ei pressemelding som vart sendt ut fredag. UNITECH presenterer dette som ei milliardsatsing på Vestlandet. Verksemda presenterer ei skisse for det som blir kalla «Giga Factory» i Rubbestadneset med ei flytande produksjonslinje. Fabrikken vil bli plassert tett på teknologisenteret som er under oppføring, står det å lesa.

Ny teknologi

Produksjonsteknologien UNITECH vil nytte seg av er heilt ny. Noko er alt patentert, og verksemda har fleire patentsøknader inne.

– Flytande kabeltankar gjer det mogeleg med kontinuerleg produksjon av over 4.000 tonn med kabel som kan fløtast rett om bord i modifiserte offshorefartøy for hurtig mobilisering og legging, heiter det.

Rett tidspunkt

– Timingen er heilt rett for å realisere planane no. Me ser ein sterkt aukande etterspurnad etter UNITECH-design og kvalitet, uttaler Gunnar Birkeland, som leiar storsatsinga. Verksemda har i over 30 år produsert undersjøiske kablar og koplingar for offshoremarknaden, såkalla umbillicals.

No er offshoremarknaden på tur opp igjen, og fleire nye felt er under utbygging. Dessutan blir det jobba med elektrifisering av havoperasjonar innan olje og gass, havvind og havbruk. UNITECH etablerer nytt selskap for reindyrking og stor satsing på kjerneverksemda, heiter det.

Aluminium erstattar kopar

«Gigafabrikken» i Rubbestadneset skal kunne produsere «uendeleg» lange kablar og alle typar umbillicals i alle storleikar. I pressemeldinga står det at fabrikken i Rubbestadneset vil jobbe tett med NORCABLE som startar opp metallurgisk produksjonslinje for straumleiarar på Karmøy. Rein aluminium kan erstatte tradisjonell kopar. er både rimelegare, sterkare og kan leverast i tilnærma uendelege lengder direkte til UNITECH sine produksjonslinjer, står det å lesa. I tillegg vil ein japansk stålgigant leggja eit lager av stålrøyr som brukast i umbillicals hos UNITECH på Stord. Det gir høve til for svært korte leveringstider.

–Me er svært nøgde med storsatsinga i Hordaland og på Haugalandet, og er stolte av å vera ein samlande part for verdas beste kompetanse innan umbillicals, kablar og offshoreoperasjonar som nettopp finst i vår region», seier Birkeland.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.