annonse

Unitech vil byggja ny skule på Rubbestadneset

Ny skule
Ny skule: Plansjen viser ei storsatsing på undervisning, ein talentfabrikk på Rubbestadneset. – Gje ungdommane tru på seg sjølv, motiver dei til å gjera rette ting! sa Hellesø samstundes til foreldre i salen. (Foto: )
Best på RUBBESTADNESET
Best på RUBBESTADNESET: Bernt Hellesø i Unitech og assisterande rektor Helge Harkestad (t.v.) er samde om at yrkesskulen på Rubbestadneset er rett stad å satsa.

Bernt Hellesø vil reisa ein «development» arena for undervisning i tilknytining til forskingssenteret.

Ingvild Sjo

Under open dag ved Rubbestadnes vidaregåande skule torsdag kveld fekk elevar og gjester sjå og høyra om dei konkrete planane Hellesø og Unitech er i gang med å utarbeida.

I presentasjonen sa Hellesø at den yrkesfaglege utdanninga er avgjerande for ny produktutvikling, og at ein skule som dette høyrer naturleg inn under det nye RnD-senteret (research and development) som har byggjestart i sommar.

– Somme seier at dette er eit luftslott, men no er me i gang. No way of return! sa Hellesø som investerer fleire hundre millionar på Rubbestadneset.

Oppfinnar

Bernt Hellesø er gründer og oppfinnar, med over 150 produkt bak seg. Verksemdene hans opererer i Houston, Singapore og Australia.

– Men utan min bakgrunn frå yrkesskulen, hadde eg ikkje komme der eg er i dag, sa han og presiserte at opplæringa ein får på dette nivået har uvurderleg verdi for både personleg utvikling og produktutvikling. Argumentet for å byggja innovativt på vesle Rubbestadneset, er at tettleiken av høgt kvalifiserte personar innan industri og teknologi er unik. Fagkompetansen er avgjerande i tillegg til historikk, og yrkesskulen er sentral i nytenkinga til Unitech.

– Fordi me går mot nye tider; Noreg er eit høgkostland og me må bli smartare, flinkare til å vareta informasjon og auka evna til gjennomføring. Me må ha verdiskaping, og dette er den beste yrkesskulen i landet!

Fylket må støtta

Så til det store spørsmålet: Vil fylkeskommunen støtta opp om Unitech sine skuleplanar?

– Me byrjar med å arbeida opp mot fylket no – vil veg vera med å støtta her, så skal me halda fasilitetar til disposisjon, sa Bernt Hellesø og forklarte at ved RnD-senteret skal fagpersonar frå forskjellige disiplinar arbeida i team, og han ser for seg at det vil vera skuleelevar med i desse teama.

Talentfabrikk

Inspektør på Rubbestadnes vidaregåande skule, Helge Harkestad, håpar fylkeskommunen tek utfordringa og vil støtta Unitech i dette planarbeidet.

Saman med rektor Rune Gåsland og lærarstaben er han litt avventande og tør ikkje sleppa jubelen laus. Til det har politikarar i fylket helt for mykje is i årane til dei heilhjarta lærarane ved skulen på Rubbestadneset. Dei leverte dei beste resultatet i landet og fekk nedlegging til svar.

– Men dette er fantastisk, som eit eventyr! seier Harkestad om Unitech sine planar for ein ny talentfabrikk på Rubbestadneset.

ingvild@bomlo-nytt-no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.