annonse

Uromelding - baklengs inn i framtida?

Barnevern på dagsorden
Barnevern på dagsorden: Dei tillitsvalde i det interkommunale barnevernet ber om å bli høyrte og har von om at kommunane kjem til semje om ei ny avtale. Stord, Bømlo og Fitjar kommunar skal ha møte om det interkommunale barnevernsamarbeidet tysdag i neste veke. (Foto: Illustrasjonsfoto/arkiv)

Tilsette i barnevernet er uroa over at det interkommunale samarbeidet kan bli skrinlagd. Dette lesarbrevet frå dei tillitsvalde vart publisert i Bømlo-nytt 5. mai.

Den 01.01.2020 vert ny barnevernsreform iverksett, noko som blant anna medfører flytting av ansvar og oppgåver frå Bufetat, det statlege barnevernet, og over til kommunen.

Dette fører til eit større ansvar for det kommunale barnevernet og vil krevje eit desto meir robust og kvalifisert barnevern enn det dei ulike kommunale barneverntenestane har i dag.

SIB (Sunnhordland interkommunale barnevern) er alt i gang med å førebu seg på denne endringa. SIB består i dag av 21 kontaktpersonar, fem familierettleiarar, ein miljøterapeut, tre lagleiarar, tre kontorfaglege, to tilsynspersonar og ein fagleiar i tillegg til leiar. Me er bygd opp etter ein spesialistmodell som fleire av dei større barnevernstenestane i kommune-Noreg er. Dette er ei organisering som gjer at dei som arbeider med dei ulike oppgåvene innehar ein spisskompetanse på sine arbeidsområde. Dette er ei organisering som krev ein viss storleik.

Barnevern-Noreg står framfor ei ny barnevernreform, større ansvar vert lagt til kommunane, små kommunar slår seg saman for å bli større og sterkare eller inngår i interkommunale samarbeid for å oppnå same effekt.

Samtidig med dette vel Stord og Bømlo å bryte sitt interkommunale samarbeid? Kven har avgjort dette? Kven har snakka med oss som arbeider i tenesta og som veit kva alvorlege konsekvensar dette vil få for kvaliteten i barnevernet i Bømlo, Fitjar og Stord kommune? Ingen! Dette skjer altså utan at me som dagleg løyser desse oppgåvene vert spurde om kva konsekvensane kan bli. Det er samfunnet sine mest sårbare born me her snakkar om. Me ber om at Bømlo og Stord kommune grundig set seg inn i kva dette vil bety for kvaliteten på tenesta vår mens det enno er tid, og før avgjerda er endeleg.

Fleire av oss jobba i tenesta før dei tre kommunane vart samorganiserte og samlokaliserte og me veit at kvaliteten, robustheten og den faglege tyngda vår er ei heilt anna no som me står saman i ansvaret for dei mest sårbare borna våre.

Nordlandsforsking skriv i NF rapport nr.1/ 2015:74 om interkommunalt barnevensamarbeid at: «Potensielle fordeler generelt sett med å etablere et felles barnevern , er at man får en større og mer robust teneste, får flere å spille på, blir mindre sårbar i forhold til sykdom, avvikling av ferie og permisjoner og at man får bredere fagmiljø med mulighet for spesialisering. Gjennom samarbeid kan det være mulig å styrke tjenesten på en mer kostnadseffektiv måte enn det den enkelte kommune er i stand til på egen hånd».

Utgangspunktet for det interkommunale samarbeidet var at Stord hadde ein høg turnover, Fitjar sleit med å rekruttera og Bømlo hadde problem med rekruttering og høg turnover. Barnevernet i alle tre kommunane hadde store utfordringar med kvalitet og stabilitet. Målet for etablering var enklare rekruttering, halde på tilsette og byggje opp eit fagleg sterkt barnevern. Målet var ikkje eit rimelegare barnevern, men ein større grad av kvalitet og kontroll.

Som interkommunalt barnevern har me orientert oss frå ein generalistmodell til ein meir spesialisert modell. Me har i dag stor kompetanse innan kjerneområde i barnevernet som blant anna undersøking, frivillige hjelpetiltak, barn si utvikling, foreldrerettleiing og førebuing av saker for Fylkesnemnda. Barneverntenesta arbeider med kompliserte og samansette forhold som vald og overgrep, rusproblematikk, psykiske problem og fleirkulturell problematikk. Me har eit barnevern som er tydeleg, og me opplever å vera ettertrakta. Me blir lytta til, lagt merke til og er ynskte på mange arenaer. I tillegg er me eit meir stabilt barnevern, med ein naturleg turnover. Me er i dag eit meir kompetent barnevern med spisskompetanse. Me er eit meir attraktivt barnevern, og det er lettare å rekruttera.

Me har sterk støtte i kvarandre, har større spelerom i forhold til arbeidsoppgåver i tillegg til større fleksibilitet. Me jobbar i team og ikkje åleine, og dei tilsette opplever det store fagmiljøet i SIB som tryggare enn å arbeide i ei lita barnevernteneste. Ingen ynskjer seg tilbake.

Vegen frå kommunalt til interkommunalt barnevern har vore ein lang og tung prosess, både politisk, kulturelt og administrativt, kombinert med stort arbeidspress, som det er i barneverntenesta. Det ligg eit større ansvar og arbeid på vertskommunen, som og er personalansvarleg. Det er ekstra ressurskrevjande å yte teneste til tre kommunar, men me opplever at det gjev oss betre kontroll og oversikt. SIB har ei referansegruppe der kommunalsjef frå kvar kommune får informasjon om korleis status i tenesta er, og kan følgje med.

SIB har i dag det nest høgaste barnetalet i vår region, nest etter Karmøy og med Haugesund som nr. tre. Våre barn fortener det beste.

Så på vegne av barna våre, tenk dykk om ein gong til – det er ingen skam å snu!

Med helsing

Hanne Tyse

Plasstillitsvalt FO

Laila Irene Økland

Plasstillitsvalt Fagforbundet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.