annonse

Utriveleg venterom

Bos og skit på golvet
Bos og skit på golvet: Venterommet i Rubbestadneset såg ikkje akkurat innbydande ut i førre veke (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Overfulle bosspann
Overfulle bosspann: Bosspann er til lita hjelp når det ser slik ut (Foto: Håvard Hammarstrøm)

– Eg orkar ikkje setja meg ned for å vente der inne.

Håvard Hammarstrøm

Det seier ein lesar som torsdag i førre veke stakk nasa inn i venterommet på snøggbåtterminalen i Rubbestadneset. Han rygga ut igjen.

Ikkje reint

Lesaren vart overraska over kor mykje bos som låg utover golva og kor mykje skit det var på golvet både i venterommet og på toaletta.

Bømlo-nytt tok desse bileta seinare same dag. Når det ser ut som dette blir spørsmålet kven er det eigentleg som har ansvaret for reinhaldet i venterommet og kor ofte det blir reingjort?

Kommunalt ansvar?

Lenge stod venterommet stengt, og eldrerådet pressa på for å få det opna igjen. For om lag fem år sidan inngjekk Bømlo kommune ein avtale med Hordaland fylkeskommune som skulle føre til at venterommet vart opna igjen. Avtalen tydde at fylkeskommunen skulle betale leige for venterommet, sikre naudsynt vedlikehald og dekkje straumutgiftene.

Bømlo kommune skulle på si side ta på seg å opne og lukke venterommet og stå for reinhaldet.

Om dette er ein avtale som framleis gjeld i dag er uvisst.

Det var ingen i Bømlo kommune som var tilgjengelege for kommentar i går ettermiddag.

Bømlo-nytt kjem tilbake med meir i denne saka.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.